Kvalitet på badevatnHer kan du finne informasjon om kvaliteten på badevatn i Ålesund kommune.I Noreg er risikoen for å bli sjuk ved bading normalt liten. Ein del område mottar imidlertid lokaliserte eller diffuse utslepp av avløpsvatn frå omliggande bustadar, industri eller jordbruk, noko som kan føre til overføring av smittsame sjukdommar og fremkalle allergiske reaksjonar.I sommarmånadane testar Ålesund kommune badetemperatur og kvaliteten på badevatnet på utvalde badeplassar. Prøver tatt gjennom fleire år, viser at vasskvaliteten i kommunen vår generelt er bra. I periodar med mykje regn, kan det vere høgare verdiar av bakteriar enn normalt nokre stader.Dersom prøver skulle gi resultat som viser at bading ikkje er å tilrå, vil dette bli informert om på nettsida til kommunen og ved den enkelte badeplassen.Brusdalsvatnet er hovudvasskjelda for Ålesund og Sula, og beredskapskjelde for Giske. Det er generelt forbod å bade i vatnet for andre enn dei som budde og/eller hadde eigedommar på klausuleringstidspunktet i 1972. I Brusdalsvatnet og Vatnevatnet er det påvist cercarier som kan gi svømmekløe (cercariedermatitt). Kriterie for vasskvalitet Godt eigna badevatn: Mindre enn 100 TKB/100 ml. Vasskvaliteten er eigna for bading og rekreasjon. Mindre eigna badevatn: Mellom 100 og 1000 TKB/100 ml. Badeplassane er sårbare for forureining. Helsestyresmaktene ser vanlegvis ingen fare med å bade på desse plassane. Ikkje eigna badevatn: Over 1000 TKB/100 ml. Helsestyresmaktene forbyr ikkje bading, men vil likevel ikkje tilrå bading Nørvøy, Nørvasund og Hatlane Måling av PrinsenMåling av PrinsenPrøvedatoTemperaturGod <100Mindre god 100-1000Ikke akseptabel >100025.06.202513,8<10 Måling av VolsdalsbergaMåling av VolsdalsbergaPrøvedatoTemperaturGod <100Mindre god 100-1000Ikke akseptabel >100025.06.202513,1<10 Spjelkavik, Åse og Lerstad Måling av SandinganeMåling av SandinganePrøvedatoTemperaturGod <100Mindre god 100-1000Ikke akseptabel >100025.06.202513,4<10 Måling av LillevatnetMåling av LillevatnetPrøvedatoTemperaturGod <100Mindre god 100-1000Ikke akseptabel >100025.06.202514,540 Skodje Måling av MurvikaMåling av MurvikaPrøvedatoTemperaturGod <100Mindre god 100-1000Ikke akseptabel >100025.06.202514,620 Ørskog Måling av Prestefjøra, SjøholtMåling av Prestefjøra, SjøholtPrøvedatoTemperaturGod <100Mindre god 100-1000Ikke akseptabel >100025.06.202513,420 Indre Borgund Måling av Emblemssanden ved osen Måling av Emblemssanden ved osenPrøvedatoTemperaturGod <100Mindre god 100-1000Ikke akseptabel >100025.06.202512,670 LovhenvisningFolkehelselovaForskrift om miljøretta helsevernSjå ogsåOversikt over badeplassane i Ålesund Folkehelseinstituttet om badevatnOm svømmekløe Ansvarleg for tenesta Strategi og styring Sist endra 03.07.2025 10.09