Ålesund kommune ønsker å gjere kunst og kultur tilgjengeleg for flest mogleg, og då er det viktig å styrke vidareutviklinga av eksisterande og nye festivalar.
Kven kan få festivaltilskot?
Det kan bli gitt tilskot til
- Festivalar som er opne og publikumsretta, og der kulturarv og profesjonell og ikkje-profesjonell utøving av musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, tv, video og dataspel er hovudformål.
- Festivalen skal finne stad i Ålesund kommune og vare minimum to dagar.
- Festivalar med mindre kommersielt preg/innteningspotensial, nystarta initiativ og nye uttrykk vil bli prioritert.
Retningslinjer for festivaltilskot (PDF, 426 kB)
Kva kan ein få i stønad?
Storleiken på økonomiske rammer for festivalstøtte 2026 er ikkje endeleg avklart.
Slik søker du
Søknaden skal innehalde:
- Budsjett i balanse som viser alle utgifter og inntekter og plan for finansieringa.
- Prosjektskildring og plan for gjennomføring av festivalen.
Mangelfulle søknader vil ikkje bli behandla.
Søk festivalstønad her
Søknadsfrist: 11. november 2025.