Heidersprisen frå Ålesund kommune

Kven bør få Ålesund kommune sin heiderspris 2025? No kan du foreslå din kandidat til prisen som blir delt ut under kommunestyret sitt desembermøte.

Ålesund kommune har i fleire år delt ut ulike heidersteikn og prisar. I 2025 er det berre heidersprisen som blir delt ut. 

Heidersprisen

Heidersprisen skal tildelast som heider for betydningsfull, samfunnsnyttig innsats for innbyggarar i Ålesund kommune. Prisen er ei påskjønning for utført arbeid, og som kan vere ei oppmuntring til å halde fram det gode arbeidet. 

Alle innbyggarar, organisasjonar og institusjonar i Ålesund kommune kan fremje forslag om kandidater til prisen. Forslag på kandidatar må ha god grunngjeving.

Kven kan motta prisen?

Heidersprisen kan tildelast enkeltpersonar, grupper av personar, lag eller organisasjonar. Den kan ikkje tildelast offentlege institusjonar eller landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar.

For å kunne få tildelt prisen må vedkommande vere busett i Ålesund kommune eller ha særleg tilknytning til kommunen.

Mottakar av Heidersprisen får eit prisbeløp på kr 10.000,- , arbeid av lokal kunstnar til verdi rundt kr 4.000,- og eit diplom.

Kven avgjer kven som skal få prisen?

Kvart kommunedelsutval har ansvar for å nominere ein kandidat frå sin kommunedel. Derfor er det fint om du legg inn kva kommunedel kandidaten du foreslår bur i eller kjem frå.

Kommunedelsutvala kan også velje kandidater som ikkje er foreslått av andre.

Formannskapet er det organet som vurderer alle kandidatane og vel ut ein vinnar som skal få prisen.

Utdeling av prisen

Heidersprisen blir delt ut på kommunestyret sitt desembermøte.

Kom med forslag

Forslag til kandidatar kan fremmast av privatpersonar, organisasjonar og institusjonar.  

Forslaga må vere skriftlege, og innehalde opplysningar om kandidaten/-ane som blir fremja og ei grunngjeving for at den/dei foreslåtte bør få prisen. Trykk på knappen nedanfor og legg inn forslaget ditt.

Foreslå kandidat

Frist for å melde inn kandidatar er 20. oktober. 

Ansvarleg for tenesta

 

​