Sentralt brukerutval

Kommunen har eit brukarutval for helse- og omsorgstenesta som påverkar generelle avgjerder, men ikkje individuelle, om helsetenester for pasientar og pårørande.

Helsetenestene er sjukeheim, heimetenestene, psykisk helse og rus, tenester til personar med funksjonsnedsetting og dagtilbod. 

Kva gjer dei

Målet er at utvalet skal vere eit rådgivande organ som skal bidra til å styrke brukarmedverknad og gjennom det auke kvaliteten på tenestene. 

  • Gi råd i saker som gjeld tenestene sin kvalitet og innhald.  Saker som gjeld enkeltpersonar, skal ikkje behandlast i utvalet. 
  • I eit brukarperspektiv skal utvalet høyrast i prosessar som gjeld strategi, planlegging og utviklingsarbeid. 
  • Vere ein samhandlingsarena for dialog mellom brukarar, pårørande og tenestene, både når det gjeld store nasjonale satsingar og lokale prioriteringar. 

Kven er med

Medlemmene er representert frå ulike interesseorganisasjonar, frå politisk og tilsette i kommunen. 

Pasient - og brukarorganisasjonane er oppnemnd slik: 

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) 2 personar med 2 vara 
  • Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) 2 personar med 2 vara 
  • Demensforeningen 1 person med 1 vara 
  • Pensjonistforbundet 1 person med 1 vara 

Administrasjonen og tillitsvalde i kommunen oppnemner sine representantar slik at fagfelta innan kommunehelsetenestene er best mogleg dekket, men ikkje meir enn inntil 4 personar med 4 vara. 

Det oppnemnast ein politisk representant med vara. Den politiske representanten er ledar for sentralt brukarutval.

Sentralt brukarutval vert vald for to år om gangen og dei skal ha 4 møter i året. 

Foto av alle medlemmene i kommunens sentrale brukerutvalg for helse- og omsorgstjenester - Klikk for stort bilete
Medlemmer sentralt brukarutval
NamnMedlemmer/vara
Svein-Rune Johannessen  Helse- og omsorgskomiteen ÅK, Leiar
Henriette  Bryn  Helse- og omsorgskomiteen ÅK, (vara) 
Stine Løvold  Verksemdsleiar Arbeid og aktivitet
Rigmor Aaland Verksemdsleiar Butenesten Ytre (vara)
Anne Berte Hareide Verksemdsleiar Aspøy omsorgssenter
Wenche O.G. Fjelle Verksemdsleiar Aspøy omsorgssenter (vara)
Monica Ulstad  Verksemdsleiar Heimetenesten Indre
Linn Evy Abelseth Søvik Verksemdsleiar Ørskog omsorgssenter/Skodje, Ørskog omsorgsdistrikt (vara)
Therese Søvik Avdelingsleiar Rus/psyk
Stig Hoff Avdelingsleiar Rus/psyk (vara)
Inna Solbakken Fagforbundet 
Anita H Magerholm Norsk sykepleieforbund (NSF) (vara) 
Eva-Brit Langva Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO – LPP (Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse) 
Odd Arne Grande   Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO – LHL) (vara) 
Inger Minnie Rafteseth  Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO – Diabetesforbundet)  
Kirsten Fiskerstrand Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)(vara) 
Janne Muri Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO – NFU) 
Anne Grethe Valentin Nielsen Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) (vara) 
Severin Minime-Brunes  Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO - NHF) 
Vebjørn Steffensen  Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO - NHF)(vara) 
Roger Olsen  Demensforeningen 
Nancy Aakre Schjelderup Demensforeningen (vara) 
Halfdan G Slinning Pensjonistforbundet 
Louise Langhaug Hansen Pensjonistforbundet (vara)