Pårørande ved rus

Er du pårørande til nokon med rusproblem? Å snakke med nokon som forstår og har kjent på liknande kjensler, kan vere til stor hjelp.

Vi tilbyr likepersonsamtaler, der det å vere ein støttespelar og ein likeperson står i sentrum. Vi kan tilby informasjon om dei ulike hjelpetiltaka som finns, eller berre vere ein å snakka med om "alt og ingenting».

Kven er erfaringskonsulenten?

Erfaringskonsulenten er ikkje behandlar, rådgivar eller psykolog. Men; har erfaring som pårørande til rusmisbrukarar. Har kjent på frykta for kva som kan skje, usikkerheita for vegen vidare. Har kjent på frustrasjon, på glede og på sorg.  Veit kva det vil seie å vere ein pårørande til ein som slit med rus, og vil bruke nettopp den erfaringa til å hjelpe andre.

Korleis kontakte oss?

Erfaringskonsulenten har sjølvsagt teieplikt, og tilbodet er både gratis og utforpliktande. Du kan ta direkte kontakt med på tlf. 46 83 35 73.

Tilgjengelighet: mandag – fredag kl. 08.00 – 16.00

Ansvarleg for tenesta