Reisevaksinasjon

På vaksinasjonskontoret får du rådgiving og reisevaksinar før utanlandsreiser.  Bestill time minst 5 uker før reisa på telefon 70164320 eller book time sjølv.

  • Kva vaksinar du treng er avhengig av helsetilstanden og vaksinehistoria di, reisemål, lengda på turen og type reise. Vi hjelper deg med å avklare dette.
  • Du kan også bestille time for påfyll av vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste – noko som bør gjerast kvart tiande år.
  • Bestill time i god tid, helst minst 5 veker før reisetidspunktet.

Timebestilling

Vaksinasjonskontoret i Ålesund sentrum, Korsegata 4b

Besøksadresse: Sentrum helsestasjon (2. etasje), Korsegata 4b

Legekontor

Fleire legekontor utfører også reisevaksinasjon. Ta kontakt med ditt eige fastlegekontor for timebestilling.

Uansett kor du har time, så hugs på følgjande:

  • Dersom du skal studere i utlandet, må du ta med skriv frå skolen om kva for nokre vaksinar som blir kravde
  • Ta med dokumentasjon på tidlegare vaksinar, om du har det. Vi kan også søkja opp dine vaksinar i SYSVAK. Oversikt over dine vaksinar finn du på «mine vaksiner» på helsenorge.no
  • Dersom du har ein sjukdom og brukar spesielle medisinar eller er under behandling, bør du konferere med legen din om kva for nokre vaksinar du kan ta
  • Reisevaksinasjon er ei teneste du må betale for (du finn ei prisliste lenger nede på sida). Vi gjer deg merksam på at du må betale, både for timen og for vaksineprisen

Prisliste ved reisevaksinasjonskontoret i Ålesund sentrum​

  • Prisen for timen (konsultasjon) kjem i tillegg til prisen for vaksinane
  • Dersom du ikkje møter opp til avtalt time, vil du bli fakturert med eit konsultasjonsgebyr. Kontakt oss i god tid om du treng å avbestille timen
Prisar ved konsultasjon ved reisevaksinekontoret i Ålesund sentrum
KonsultasjonstypePris per konsultasjon (sist oppdatert 25.02.25)
Vaksenkr 300,-
Barn/studentkr 200,-
Konsultasjon familie (inntil 3 barn), 1.gangkr 600,-
Konsultasjon familie (inntil 3 barn) , 2. og 3. gang (same reise)kr 400,-
Nytt internasjonalt vaksinasjonskort med vaksiner påførtkr 400,-
Ikkje møtt til avtalt time (utan å gi beskjed)kr 300,-

​​

Vaksineprisar ved reisevaksinasjonskontoret i Ålesund sentrum
VaksinePris per vaksinedose inkludert utstyr og hygienetillegg (sist oppdatert 25.02.25)
MMR (meslingar/kusma/røde hundar) og BCG (tuberkulose)Kr 100.-
REPEVAX (difteri/stivkrampe/kikhoste/polio)Kr 360.-
GULFEBERKr 480.-
HEPATITT A, VAKSENKr 520.-
HEPATITT A, BARNKr 440.-
HEPATITT B, VAKSENKr 370.-
HEPATITT B, BARNKr 350.-
HEPATITT A+B, VAKSENKr 720.-
HEPATITT A+B, BARNKr 550.-
JAPANSK ENCFALITTKr 1230.-
KOLERA, 1 DOSEKr 540.-
KOLERA, 2 DOSERKr 980.-
KOLERA/VAXCHORAKr 700.-
MENINGOKOKK ACWYKr 490.-
MENINGOKOKK B BexseroKr 1100.-
POLIOKr 250,-
DENGUEFEBERKr 1080.-
RABIESKr 920.-
SKOGFLÅTT, VAKSENKr 470.-
SKOGFLÅTT, BARNKr 450.-
TYFOID (injeksjon)Kr 310.-
TYFOID (kapsler)kr 340.-
TETRAVAC (grunnvaksinasjon mot difteri/stivkrampe/kikhoste/polio)Kr 400.-

Ofte stilte spørsmål

​Ansvarleg for tenesta

Helsestasjonstenester