Om eKommune Sunnmøre

eKommune Sunnmøre, som består av kommunane Fjord, Giske, Haram, Sula og Ålesund, er eit offentleg-offentleg samarbeid der alle er leverandører. 

Ein mann på eit serverrom.  - Klikk for stort bilde Shutterstock

eKommune Sunnmøre har vore eit interkommunalt samarbeid sidan 2010. Den første digitaliseringsstrategien vart utarbeidd i 2016, med ein strategisk, taktisk og operativ del. Strategien definerte hovudlinjene for korleis IKT skulle støtte opp under planlagt tenesteutvikling. Visjonen var: Digitalt førsteval gjev enklare dagar.

I 2020 vart eKommune Sunnmøre omstrukturert til eit offentleg – offentleg samarbeid om IKT og digitalisering for å sikre at offentlege oppgåver på tenesteområdet IKT og digitalisering innan fagområda blir utført for å oppnå felles mål.

Målet med samarbeidet er å gi kommunane gode, framtidsretta og kostnadseffektive løysingar. Dette vil igjen sette kommunane i stand til å kunne levere endå betre tenester til innbyggjarane, i tråd med forventningane om ei døgnopen forvaltning.

Samarbeidsområde

Vi har to samarbeidsområde: 

  1. IKT-drift
    Desse driftstenestene vert hovudsakleg levert frå Ålesund kommune v/IKT Avdelinga i verksemda teknologi og Innovasjon.
  2. IKT og Digitalisering innanfor fagområda 

IKT-drift

Samarbeidet skal levere IKT-drift til brukarane i kommunane, samt ha eit Strategi- og utviklingsforum som er eit rådgjevande organ rundt IKT-drift. Ålesund kommune eig og drifter sentralt datasenter og tilhøyrande infrastruktur, samt IKT tekniske løysingar kring leveranse av grunnleggjande tenestepakke.

Ålesund kommune leverer:

  • Grunnleggjande tenestepakke
  • Drift av sentral IKT-infrastruktur
     

Alle kommunane leverer/ stiller med:

  • IKT ansvarleg i kvar skule
  • Bestiller- / Koordinatorrolle
  • Lokal IKT-Infrastruktur 
  • Kontor for IKT-driftspersonell og utstyr

IKT og digitalisering innan fagområda

For å oppnå formålet med dette samarbeidet er det oppretta sjølvstendige faggrupper for dei ulike tenesteområda: 

  • Sak/Arkiv
  • Økonomi/Lønn/Personal
  • Oppvekst
  • eHelse/Velferdsteknologi
  • IKT-sikkerheit og personvern
  • Identitetsadministrasjon
  • Teknisk - VA
  • Teknisk - Plan/Kart/Geodata/Byggesak

Faggruppene skal på kvar sitt tenesteområde melde inn kva dei har bruk for frå leverandør av fagsystema, utveksle erfaring, samt bidra til innovasjon, utvikling og effektivisering via digitale verktøy. 

Faggruppene skal levere grunnlag til- og koordinere dialogen med leverandørane av fagsystem, slik at vi aktivt bidreg til vidareutvikling av fagsystema vår i samsvar med kommunane sine behov.  

Faggruppene skal lage ei tiltaksliste godkjent på leiarnivå som understøttar våre strategiar og mål, og som eit innspel til årleg handlingsplan. Dei skal også setje opp aktivitetane sine i eit felles årshjul for samarbeidet.