Jobb hos oss

Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver? Då kan eKommune Sunnmøre være eit spennande alternativ. 

Ei hånd som set i ein kabelplugg. - Klikk for stort bilde Shutterstock

Jobb hos eKommune Sunnmøre

Vil du arbeide i eit profesjonelt IKT-miljø med fokus på fagleg kvalitet, samhald og eit godt arbeidsmiljø? 

Vi driftar kommunane Haram, Giske, Fjord, Sula og Ålesund. På IT eKommune er vi i dag 31 tilsette som er fordelt på tre grupper: Brukarstøtte, Infrastruktur, Server- og applikasjonsdrift. 

I eKommuneSunnmøre kan vi tilby deg utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Her vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å utvikle tenester i lag med samarbeidskommunane for å skape ein «enklare kvardag» for mange.

Ledige stillingar

Ledige stillingar blir lyst ut. Her kan du finne ledige stillingar: 

Lærling

Vi har ein lang og god tradisjon med fagopplæring. Lærlingplassane lysast ut via Sunnmøre kommunale opplæringskontor, med årleg søknadsfrist 1. mars.