Innovasjon og digitalisering

Korleis bruke teknologi til å fornye, forenkle og forbetre tenestene våre?

Digital transformasjon - illustrasjon med seks element: brukerorientering, digital teknologi, virksomhet og ledelse, økonsystem, data og innovsjon. - Klikk for stort bilde Digdir

Digital transformasjon

Saman inn i framtida gjennom digital transformasjon"

Det er tittelen på strategien til eKommuneSunnmøre. 

Digital transformasjon vil innebere omfattande endringar med mål om betre brukaropplevingar, samt smartare og meir effektiv oppgåveløysing. Ei slik tilnærming kan føre til at organisasjonen må endrast, ansvar flyttast eller prosessar designast på nytt. Det handlar like mykje om endringsleiing, kompetanse- og organisasjonsutvikling og forvaltningsutvikling som teknologi.

Kommunane i eKommune-samarbeidet skal auke sin evne til å arbeide smidig og innovativt slik at nye arbeidsmåtar og prosessar kan takast i bruk. 

Digitaliseringsarbeidet handlar ikkje lenger berre om kva vi skal digitalisere, men om korleis digitalisering kan skape innovasjon og bidra til effektivisering. (kjelde: Hva er digital transformasjon? | Digdir)

  • Den digitale transformasjonen skal skje på ein sikker måte der personvernet til tilsette og innbyggarane blir ivaretatt.
  • Denne strategien set rammer og retning for kommunane sitt digitaliseringsarbeid dei komande åra. Hovudretningane går mot ei tydeleg brukarsentrert tenesteutvikling, og meir effektiv og samordna utnytting av felles IT-løysingar

Mål for den digitale tranformasjonen

Strategien til eKommune Sunnmøre blei godkjend i juni 2024 og gjeld til 2028. Kvart år vert det utarbeidd ein årleg handlingsplan med tiltak. Dette er måla i strategien:

Organisering og samarbeid for framtida

eKommune Sunnmøre skal: 

  • tilpasse organiseringa av eKommune slik at samarbeidet best løyser behovet til kommunane våre
  • utvikle oss saman med andre
  • ha felles tenesteutviklarar innan ulike fagområde
  • vere ein synleg og aktiv bidragsytar i dei riktige nasjonale, regionale og lokale samarbeidsorgana
  • utnytte verkemiddelapparatet som drivar for felles utviklingsprosjekt
  • samarbeide tettare med andre IKT-samarbeid

Auka digital kompetanse

eKommune Sunnmøre skal: 

  • stille krav til, og sikre rett digital kompetanse for alle tilsette i kommunane og legge til rette 
    for kontinuerleg utvikling.
  • skape kultur for å vere ein endringsvillig og smidig organisasjon der alle forstår og utnyttar moglegheitene digital teknologi gir.

Berekraftig tenesteproduksjon

eKommune Sunnmøre skal: 

  • lage gode og samanhengande digitale løysingar med mottakar sine behov i sentrum.
  • utnytte teknologi for å forbetre tenesteproduksjonen og skape gevinstar.
  • arbeide tverrfagleg og utnytte potensialet i samarbeidet mellom det offentlege, innbyggjarar, næringsliv og akademia.
  • bruke kvalitetssikra data og ny teknologi til å fornye, forenkle og forbetre.