Vedlikehald av kommunale vegarKommunen sørger for kosting og reingjering klipping langs vegnettet og i rabattar i sentrum rydding av skog langs veg vegmerking og skilting brøytestikkar, brøyting og strøing om vinteren asfaltering og reparasjonar drift og vedlikehald av gatelys tømming av slukar og rens av bekkeinntak og stikkrenner Sist endra 22.08.2023 10.07 Kven har ansvar for vegen? Drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet med tilhøyrande fortau, gang-/sykkelvegar, og nokon gang- og sykkelvegar langs fylkesvegane, blir utført av Ålesund kommune. I tillegg er det mange torg, plassar og trapper som kommunen har ansvar for Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for fylkesvegane i Ålesund. Statens vegvesen har ansvaret for riks- og stamvegane. Private vegar er det oppsittarar eller veglaga som har ansvar for å drifte og vedlikehalde. Huseigarar har ansvar for reinhald, måking, strøing og feiing av fortauet utanfor sin eigedom i sentrumsstrøk. Dei har også ansvar for å halde slukar og rister ved fortauet frie for lauv og anna avfall. Les meir i politivedtektene for Ålesund. Alle huseigarar må bidra til at vegetasjon eller snø frå eigedommen ikkje skapar trafikkfarlege situasjonar. Kosting og reingjering Vi kostar kommunale gater, fortau, gang- og sykkelvegar før 17. mai, og startar vanlegvis arbeidet etter påske. Kommunale vegar med mykje trafikk blir kosta oftare, og i sentrum av Ålesund er det kosting med fast intervall så lenge vêr- og føreforholda tilseier det. Behov for reingjering? Meld frå om behov for reingjering. Kosting i sentrum Vi set opp skilt i gatene minimum 24 timar før vi startar reingjeringa, så du får moglegheit til å flytte bilen. Dersom bilen din ikkje er flytta når vi kostar og reingjer gatene kan bilen bli taua vekk. Sjå derfor etter nye skilt i gata ein gong i døgnet. Dersom du skal på ferie, eller ikkje er i byen, bør du få ein ven eller nabo til å sjå etter skilt og eventuelt flytte bilen din. Klipping langs vegnettet og i rabattar Kommunen klipper siktsoner og langs landevegar, samlegater og gang- og sykkelvegar. Dette skjer 1-2 ganger i året, avhengig av økonomi og vekstsesong. På stader der det er tilløp til gjengroing av skog langs vegen, er klippebreidda større enn i meir opparbeidde strøk. Tilkomstvegar og boliggater blir ikkje prioritert, då kantslått er lite foreineleg med prydvekstar, gjerder og hekkar i bustadfelta. Enkelte grøntrabattar i sentrale strøk blir klipt hyppigare av omsyn til estetikk, trafikksikkerheit og tilstand. Behov for kantslått? Meld frå om behov for kantslått. Rydding av skog langs veg Med jamne mellomrom fell kommunen skog og kratt som veks langs det kommunale vegnettet. Grad av aktivitet på dette området er avhengig av økonomi, men også vêrforhold. Dette er stort sett eit tiltak som blir gjennomført i vinterhalvåret, på grunn av begrensningar i hekketida og tilgjengelege ressursar. Det kan derfor vere lenge mellom eit tips er innmeldt til tiltak blir gjennomført. Behov for skogrydding? Typiske forhold som kan meldast inn er tre og kratt som heng ut eller ned i vegen, eller siktsoner som gror til. Meld frå om behov for skogrydding langs vegen. Vegmerking og skilting Kommunen merker utslitne fotgjengerovergangar på sommerhalvåret, når det er mildt og tørt i vêret. Dette kan vere ei teneste vi gjennomfører i eigen regi, eller vi kjøper denne tenesta av firma som spesialiserer seg på slike oppdrag. Kommunen vedlikeheld og reparerer stort sett alle faste skilt som står langs kommunal veg. Der er enkelte unntak knytt til overgangar mot fylkes- og riksveg, samt parkeringsskiltinga. Dette er det henhaldsvis fylkeskommunen, Statens vegvesen og Ålesund parkering som har ansvaret for. Behov for ny vegmerking eller reparasjon av skilt? Meld frå om behovet her. Asfaltering og reparasjonar Kommunen lappar hol i vegdekka kontinuerleg. Då vi ikkje kan vere alle stadar til ei kvar tid, er vi avhengig av at publikum melder inn skader til oss. Dette gjeld også skader på andre element i vegen enn sjølve dekket. For eksempel kan det vere skader på kantstein, murar eller gjerde og autovern. Det kan vere at enkelte av desse skadene ikkje blir prioritert, eller at dei tek lang tid å utbetre. Hol i vegen eller andre skader på vegen? Meld frå om problemet her. Tømming av slukar og rens av stikkrenner og bekkeinntak Kommunen tømmer og opnar slukar i og langs det kommunale vegnettet. Ved store nedbørsmengder og mykje lauvfall er det viktig at huseigarar også følger med og fjerner rusk og rask som tettar slukane langs fortau og kantstein, sidan vi ikkje kan vere alle stadar når det står på som verst. Ser du at ein sluk er tett med sand eller slam så meld frå her. Kommunen renser også bekkeinntak og stikkrenner med jamne mellomrom. Enkelte inntak og stikk blir rensa i forkant når det blir meldt om store nedbørsmengder eller stor snøsmelting. Sjølv om vi ofte er innom for kontroll kan det lett hamne mykje rusk og rask på desse stadane ved sterk vind og/eller mykje nedbør. Ser du noko vi burde vite om så meld frå her. Tette bekkeinntak og stikkrenner kan ofte få store konsekvensar for vegen, eigedommar nedstrøms eller for dei som skal ferdast forbi slike punkt. Gatelys Meir informasjon om dette finn du her. Brøytestikker Brøytestikker settast ut i løpet av oktober og blir som hovudregel samla inn i april året etter. Meld fra om feil Bruk meldingstenesta for å melde frå om feil eller manglar ved brøyting, renovasjon, parkering, gatelys, forureining/forsøpling, vatn, avløp og kommunal veg. Du kan også følge med på saksbehandlinga av meldinga du sender inn. Meld om feil Ansvarleg for tenesta Miljø og samferdsel