Søk om graveløyve

Søk om graveløyve

Kort fortalt

  • Før du grev i, nær eller inntil offentleg veg må du ha løyve.  
  • Du må sende inn ei gravemelding for å sikre at for eksempel strømkablar, telekablar, fiberkablar, fjernvarme, vatn- og avløpsleidningar ikkje blir øydelagde.  

 

Kva blir rekna som kommunal veggrunn? 

Kommunal veggrunn er all veggrunn etter veglova § 1, som er open for alminneleg ferdsel og blir vedlikehalden av Ålesund kommune.  

Kommunal veggrunn er i denne samanhengen også inkludert privat grunn som blir disponert av kommunen til veg- og trafikkføremål. Som veg reknar ein også fortau, snuplass, opplagsplassar, haldeplassar, parkeringsplassar, bruer, grøntanlegg, veggrøfter og anna som står i samband med veg. 

Krav til søkar 

1. Før du søker 

Sjekk kva som blir kreve for området før du grev, og følg gjeldande instruksar. 

2. Etter arbeid

Det skal leverast inn loggbok for arbeidsvarsling og ferdigmeldingsskjema til veghaldar etter at graveområdet i kommunal veggrunn er ferdigstilt. 

Søknad 

Søknad med relevant informasjon sendast til vegholder@alesund.kommune.no.

Pris 

Saksbehandling 

Fleire etatar skal gi tilbakemelding før gravemeldinga/-løyvet blir godkjent av verksemda Miljø og samferdsel.

Behandlingstid er gitt av forvaltningslova, men enkle søknader kan bli behandla så raskt som i løpet av 3 dagar. 

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen