Søk om arbeidsvarsling

Søk om arbeidsvarsling

Arbeidsvarsling er naudsynt når du skal arbeide i, eller i nærleiken av, områder som er open for alminneleg ferdsel. Dette gjeld både private og offentlege områder.

Kort fortalt

  • Før du arbeider i, nær eller inntil offentleg veg må du ha løyve.
  • Du må sende inn ein søknad som skal behandlast av kommunen før du set i gong.
  • Arbeidsvarsling skal innehalde ei risikovurdering, som dannar grunnlaget for ein plan for sikring og skilting av arbeidsområdet.

Kvifor treng vi arbeidsvarsling?

Formålet med arbeidsvarsling er å:

  • Sikre arbeidarar og trafikantar.
  • Avvikle trafikken forbi arbeidsstaden med minst mogleg forseinking og ulempe for trafikantane.
  • Mogleggjere effektiv og økonomisk drift av arbeidet.

For at vi skal kunne oppnå dette er det viktig at trafikkreguleringar i samband med arbeid på eller ved veg planleggast og utførast nøyaktig.

Kva blir rekna som kommunal veggrunn? 

Kommunal veggrunn er all veggrunn etter veglova § 1, som er open for alminneleg ferdsel og blir vedlikehalden av Ålesund kommune.  

Kommunal veggrunn er i denne samanhengen også inkludert privat grunn som blir disponert av kommunen til veg- og trafikkføremål. Som veg reknar ein også fortau, snuplass, opplagsplassar, haldeplassar, parkeringsplassar, bruer, grøntanlegg, veggrøfter og anna som står i samband med veg. 

Skal du arbeide på privat område nær den kommunale vegen?  

Alt arbeid i den kommunale vegen skal søkast om. Dette gjeld også areal som offentleg tilgjengelege fortau, gang- og sykkelveg, kaier, torg og plassar.

Arbeid innanfor vegens sikkerheitssone må også søkast om. Dersom du arbeider på privat område, men så nær vegen at det påverkar vegen eller trafikken, eller at det kan vere farleg for trafikantar eller arbeidarar, er du i sikkerheitssona. Utstrekninga av sona er avhengig av både fysiske forhold og fartsgrense på vegen. Er du i tvil om dette gjeld der du skal arbeide, må du ta kontakt.

Kva er vegens sikkerheitssone?

Tabellen nedanfor er retningsgjevande for når du må ta omsyn til trafikken. Sikkerheitssona er avhengig av type arbeid og moglege konsekvensar dersom nokon havnar i arbeidsområdet. Døme på dette kan vere byggegroper som står i direkte kontakt med vegen, sjølv om gropa er utanfor sikkerheitssona. Sikringstiltak og skilting må tilpassast deretter.

Arbeidsvarsling - vegens sikkerhetssone
ÅDT Fartsgrense <= 50 km/t Fartsgrense 60 km/t Fartsgrense 70 - 80 km/t Fartsgrense => 90 km/t
0-1500 2,5 m 3 m 5 m 6 m
1500+4000 3 m 4 m 6 m 7 m
4000-1 2000 4 m 5 m 7 m 8 m
,> 1 200 5 m 6 m 8 m 9 m

Skal du arbeide i, eller i nærleiken av, fylkes- eller riksveg?  

Statens vegvesen handterer søknader om arbeidsvarsling for fylkes- og riksvegane. 

Saman med søknad om arbeidsvarsling på fylkesvegane må det leggast ved eit løyve om arbeid, graving eller nærføring frå fylkeskommunen. 

Statens vegvesen har også myndigheit for private veger.

Kva aktivitet er søknadspliktig?

Typiske aktivitetar som skapar behov for arbeidsvarsling er gravearbeid, stillasarbeid, konteinarar, kraning, vask av vindauge, riggområde, arrangement og tilstellingar på offentleg grunn.

Krav til søker – kva regelverk gjeld?

Dei som skal søke om og utføre arbeidsvarsling skal ha tilstrekkeleg kunnskap og kurs etter Statens vegvesen si handbok N301. Dette regelverket gjeld for alle områder som er opne for alminneleg ferdsel. Manglar du fagkunnskap, finst det firma som utfører slike tenester.

Korleis fylle ut skjema?

Ålesund kommune sitt skjema er basert på ein tidlegare mal etter Statens vegvesen. Treng du hjelp til utfylling kan du kontakte verksemda. Det er viktig å gå gjennom kva situasjonar som kan oppstå i samband med arbeidet og tiltak for korleis desse kan unngås. Ei grundig risikovurdering dannar grunnlaget for ein god arbeidsvarslingsplan.

Søknad

Søknad med relevant informasjon sendast til vegholder@alesund.kommune.no.

Pris 

Sjå pris for arbeidsvarsling 

Saksbehandling 

Behandlingstid er gitt av forvaltningslova, men enkle søknader kan bli behandla så raskt som i løpet av 3 dagar.

 

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen