Søk om arbeidsløyve

Søk om arbeidsløyve

Kort fortalt

  • Før du arbeider i, nær eller inntil offentleg veg må du ha løyve.
  • Du må sende inn ein søknad som skal behandlast av kommunen før du set i gong.

Kva blir rekna som kommunal veggrunn?

Kommunal veggrunn er all veggrunn etter veglova § 1, som er open for alminneleg ferdsel og blir vedlikehalden av Ålesund kommune.  

Kommunal veggrunn er i denne samanhengen også inkludert privat grunn som blir disponert av kommunen til veg- og trafikkføremål. Som veg reknar ein også fortau, snuplass, opplagsplassar, haldeplassar, parkeringsplassar, bruer, grøntanlegg, veggrøfter og anna som står i samband med veg. 

Krav til søkar

Før du søker

Sjekk kva som blir kreve for området før du set i gong arbeid. For arbeid på eller ved kommunal veg er det oftast naudsynt å ha ein godkjent plan for varsling og sikring av det arbeidet som skal gjennomførast, i tillegg til arbeidsløyve.

Søknad

Søknad med relevant informasjon sendast til vegholder@alesund.kommune.no.

Pris

Sjå pris for grave- og arbeidsløyver

Saksbehandling

Behandlingstid er gitt av forvaltningslova, men enkle søknader kan bli behandla så raskt som i løpet av 3 dagar.

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen