Kva kan eg spare på å installere vassmålar?
Vi har laga ein enkel modell der du kan rekne ut kva din husstand kan spare på å installere vassmålar. Vi gjer merksam på at summen er rettleiande, ikkje eksakt.
Kalkulatoren tar utgangspunkt i eit gjennomsnittsforbruk per person per år. Dette forbruket er sett til 60 m3/år som standard i kalkulatoren, men kan endrast ved å legge inn høgare eller lågare tal.
Slik skaffar du deg vassmålar
Du må kontakte rørleggar. Rørleggar monterer vassmålaren og melder den inn til kommunen.
Les av vassmålaren
Når skal vassmålaren lesast av
Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år. Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden i 2023 er 31. desember.
Du får ei påminning
Du kan få påminning på ein av desse måtane:
- Få ein SMS med informasjonen du treng for å kunne melde inn målarstanden.
- Få eit avlesingskort tilsendt i posten.
Slik les du av
Du kan lese av vassmålaren på ein av desse måtane:
Får du sms?
- Klikk på lenka i SMS (alesund.kommune.no/vassavlesing).
- Tips: Sjekk først at det er rett vassmålar før du registrerer.
- Les av målarstand på målaren, 5 siffer. Ikkje raude tal og tal etter komma.
- Fyll ut felta for dato og målarstand.
- Når du har lagt inn den informasjonen du skal og er klar for å klikke «Godkjenn» er det viktig å berre klikke ein gong. Etter kvart vil det kome opp at målarstanden din er registrert.
Får du avlesingskortet i posten?
- Tips: Sjekk først at det er rett vassmålar før du registrerer.
- Les av målarstand på målaren, 5 siffer. Ikkje raude tal og tal etter komma.
- Fyll ut felta for dato, målarstand, signer og send det tilbake til oss.
Prisar
Sjekk betalingssatsane for vatn og avløp.
Andre nyttige lenker