Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Vasskvalitet

Vasskvalitet

Drikkevatnet i Ålesund har høg kvalitet og er trygt å drikke med mindre vi varslar om noko anna.

Kvaliteten på drikkevatnet

Kvaliteten på drikkevatnet er god og held seg med svært få unntak innanfor grenseverdiane i drikkevassforskrifta, eit trykk mellom 2 og 8,8 bar. Sjekk grenseverdiane for vasskvalitetsparametrane her.

Vi kartlegg også kvaliteten på råvatn og drikkevatn, mellom anna gjennom faste analysar og utvida prøve på 10 ulike prøvestader kvar veke.

Sjå resultata frå vassprøvene i digitalt kart.

Kokeanbefaling ved endra drikkevasskvalitet

Ved ein kokeanbefaling bør du følgje Folkehelseinstituttets råd: Kva bør du gjere når du får kokevarsel frå vassverket? Vi sender alltid ut varsel til dei som blir rørt av ei kokeanbefaling, og vi varslar når kokeanbefalinga er oppheva. Vatnet tilfredsstiller dei strenge krava i drikkevassforskrifta

Vasskvalitet etter driftsavbrot

Etter driftsavbrot på det kommunale vassleidningesnettet kan vatnet vere misfarga. Vanlegvis vil vatnet bli klart igjen når du lèt det renne ei stund. Tapp berre kaldt vatn, slik at det ikkje kjem misfarga vatn i varmtvasstanken. Dersom det framleis er misfarga vatn etter å ha tappa kaldt vatn i fleire timar, bruk den digitale feilmeldingstenesta vår Meld om feil

Vi tilrår å tappe vatn på kanner i forkant av vassavstenging.

Til toppen