Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

Vasskvalitet og forsyning

Vasskvalitet og forsyning

Ålesund vannverk forsyner nok og godt vatn til innbyggarane i kommunene Ålesund og Sula, i tillegg til å stille reservevasskjelde for Giske kommune.

Kvar kjem drikkevatnet frå?

Brusdalsvatnet er hovudvasskjelda. Langevatnet kan unntaksvis brukast som suppleringskjelde, i tillegg til at det kan koblast inn som reservevasskjelde, saman med Røssevoldvatnet.

Vatnet fra Brusdalsvatnet blir pumpa opp i vassbehandlingsanlegget.

Nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet er ca. 30 km2 (inkludert nedslagsfeltet til Langevatnet) og sjølve vatnet er 7,5 km2. Inntaket ligg på stort, under det såkalte sprangskiktet, noko som garanterer stabil og god kvalitet på råvatnet.

Konsesjonen for Brusdalsvatnet tillèt eit uttak på 55.000 m3 pr. døgn.

Store høgdebasseng er plassert i bysentrum og i Spjelkjavika, noko som gir høg sikkerheit og regularitet ved brot på leidningsnettet.

Frå Svartevatnet og vassbehandlingsanlegget på Storsætra vert det levert vatn til husstandar i Skodje sentrum frå Grindvika til Skodjevågen/Furlia, til Valle, Svorta, Glomset og delar av Engesetdalen, Stette og Opskar.

Frå Kråvatnet og vassbehandlingsanlegget på Nysætra vert det levert vatn til om lag halve Sjøholt sentrum. Ørskog private vassverk leverer til resterande abonnentar i sentrum av Sjøholt. Vaksvik vassverk leverer vatn til abonnentane i Vaksvika.

Brattvåg private vassverk sel vatn til Ålesund kommune som leverer vatn til delar av Hildrestranda, og til øyane frå Lepsøya i sør til Ona i nord. Delar av desse områda er dekt av private vassverk. Brattvåg vassverk leverer sjølv vatn til sine abonnentar i Brattvåg og Helland.

Frå Ulvestadvatnet og vassbehandlingsanlegget på Vatne vert det levert vatn til Vatne/Tennfjordområdet og til Hellestranda private vassverk.

Brusdalsskjønnet

Etter tillating fra Norges Vassdrags- og energiverk fekk Ålesund kommune i 1971 ekspropriere det nødvendige av grunn, vatn og rettigheiter for å etablere vassverk med Brusdalsvatnet som råvasskjelde. Skjønnsdokumentet (pdf) finn du her (underskjønn). (PDF, 10 MB)

For 183 av skjønnet sine 391 takstnummer blei det fremma overskjønn. Dette blei avsagt 14. november 1972 - sjå skjønnsdokumentet (pdf) her (overskjønn). (PDF, 6 MB) Brusdalsskjønnet inneheld mellom anna servitutt som begrenser moglegheit for utvidelse av hytter, samt ein del begrensnigar på aktivitetar i nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet.

Kvaliteten på drikkevatnet

Kvaliteten på drikkevatnet er god og held seg med svært få unntak innanfor grenseverdiane i Drikkevannsforskriften, eit trykk mellom 2 og 8,8 bar. Sjekk grenseverdiane for vasskvalitetsparametrane her.

Vi kartlegg også kvaliteten på råvatn og drikkevatn, mellom anna gjennom faste analyser og utvida prøve på 10 forskjellige prøvestader kvar veke.

Sjå resultata frå vassprøvene i digitalt kart.

Kokeanbefaling ved endra drikkevasskvalitet

Ved ein kokeanbefaling bør du følgje Folkehelseinstituttets råd: Kva bør du gjere når du får kokevarsel frå vassverket? Vi sender alltid ut varslar til dei som blir rørt av ein kokeanbefaling, og vi varslar når kokeanbefalingen er oppheva. Vatnet tilfredsstiller dei strenge krava i Drikkevannsforskriften.

Vasskvalitet etter driftsavbrot

Etter driftsavbrot på det kommunale vassledningesnettet kan vannet være misfarga. Vanlegvis vil vatnet bli klart igjen når du lèt det renne ei stund. Tapp berre kaldt vatn, slik at det ikkje kjem misfarga vatn i varmtvasstanken. Dersom det framleis er misfarga vatn etter å ha tappa kaldt vatn i fleire timar, bruk den digitale feilmeldingstenesta vår Meld om feil

Vi tilrår å tappe vann på kanner i forkant av vannavstenging.

Varsling om endringar i vassforsyninga

Vi varslar rørte personar og verksemder ved følgjande hendingar:

  • Ved endringar og stans i vassforsyninga grunna vedlikehaldsarbeid og lekkasjar
  • Ved kokeanbefaling av drikkevatnet

Les meir om varsling
 

Til toppen