Vern av drikkevasskjelder og konsesjonarRestriksjonar er eit av mange tiltak for å hindre forureining av drikkevasskjeldene våre. Det er lov med på alminneleg ferdsel langs drikkevasskjeldene, men nokre aktivitetar er forbode for å verne vannforsyninga.Aktivitetar som bading, fisking, bruk av båt, telting, camping og overnatting med hengekøye er nokre generelle restriksjonar. Du kan lese kva restriksjonar som gjeld for dei ulike drikkevasskjeldene lenger nede.Kvifor vern av drikkevasskjeldene? Vassbehandling legg til grunn for eit gitt kvalitetsnivå på råvatn. Tekniske anlegg kan svikte. Dei fleste vassbehandlingsanlegg er ikkje bygd for å fjerne kjemiske forureinar. Behov for ein buffer mot nye ikkje kjente truslar og nye sjukdomsframkalla organismar (patogener). Ein langsiktig negativ påverknad på kjelda vil føre til eit anna utgangspunkt for vassbehandling - ekstra tiltak og investeringar som gjer det dyrare. Kjelde: Norsk Vann Kart over kommunens drikkevasskjelder Ulvestadvatnet Innanfor området er det forbod mot å sette opp nye bygningar eller utviding/ombygging av eksisterande bygningar. Innanfor området er det forbod mot deponering av avfall, lagring av olje- og kjemiske produkt, samt utslepp av kloakk/spillvatn. Organisert teltleirar er forbode i nedbørsfeltet. Innanfor eit område på 100 meter frå Ulvestadvatnet si bredde er det ikkje lov å slå opp telt eller leir. Grunneigarar og eventuelle andre rettshavarar har høve til å fiske i vatnet. Robåt kan nyttast til dette formålet. Anna bruk av båt er berre tillatt for drift, vedlikehald og kontroll av vassverket sitt anlegg. Opphjelp av fiske ved gjødsling og utsetting av fiskeyngel er forbode. Innanfor området er det forbod mot all dyrking. Skogsdrift kan tillatast innanfor området. Bruk av plantevernmiddel eller gjødsel er forbode. Innanfor området er det forbod mot anlegg av vegar, grøfter og liknande. Naturlig beite kan nyttast uinnskrenka som før, men det er forbod mot tilrettelegging av beite som tilskuddsforing, utlegging av saltstein etc. Innanfor området er det forbod mot stemner av ein kvar art, her under militær aktivitet. Bruk av motorfarkost på vatnet er forbode, også vinterstid på isen. Forbodet gjeld ikkje ambulansekøyring. All bading i vasskjelda er forbode. Kråvatnet Nybygging er ikkje lov. Det vert ikkje lov å føre fram vegar, utanom naudsynte vegar for jord- eller skogbruk. Slike vegar skal sperrast for ålmenta. Nydyrking er ikkje lov. Fiske er ikkje lov. Fiske er berre lov for rettshavarar og berre som oter- eller stangfiske frå land. Gjødsling for opphjelp av fiske er forbode. Bruk av båt er berre lov for vassverket sitt naudsynte behov. Det er ikkje lov med motordrivne fartøy på vatnet. Det er ikkje lov å arrangere leir eller stemne. Bading er forbode. Bruk av plantevernmiddel er forbode. Det er ikkje lov å lagre eller deponere kloakkslam, søppel, olje eller andre framandstoff. Svartevatnet Det må ikkje byggast veg inn i nedbørsfeltet. Dersom anleggsveg må byggast, skal den stengast med bom, og berre brukast av personar knytta til drifta av vassverket. Det er ikkje lov å slå opp telt i nedbørsfeltet. Nybygging i nedbørsfeltet er ikkje tillatt. Båttrafikk på vatnet er forbode. Fiske er berre lov for medlemmar av Skodje jeger- og fiskerforening, og berre med fiskestong frå land. Gjødsling av vatnet for opphjelp av fisket er ikkje tillatt. Pesticider må ikkje brukast i nedbørsfeltet. Brusdalsvatnet Det er ikkje lov med ny busetnad nærare Brusdalsvatnet enn 100 meter. I nedbørsfeltet utanfor 100 metergrensa, blir det gitt løyve til at det berre blir oppført ein bustad pr. 10 dekar. Det er ikkje lov å endre eller utvide hyttene i nedbørsfeltet til ein heilårsbustad. Det er ikkje lov å ta i bruk hyttene som heilårsbustad. Drifta av jordbrukseigedomane i nedbørsfeltet må ikkje endrast vesentleg. Det er ikkje tillat å drive fleskeproduksjon i større omfang enn at gjødsla kan verte utnytta på vedkommande sin eigedom. Nye anlegg og utviding av pelsdyrfarmer og hønseri er forbode i nedbørsfeltet. Bevertingsstad, hotell, gjestgiverier etc. er ikkje lov i nedbørsfeltet. Oljeanlegg og bensinstasjonar er forbode i heile nedbørsfeltet. Kloakkavløp må ikkje førast direkte til vatnet eller tilløpande elvar. Eventuelle kloakkavløp skal førast ut i grunnen på ein effektiv måte som er godkjent av kommunen. Det er forbode å bruke gjødsel som stammar frå menneske på markane i nedbørsfeltet. Søppel skal fjernast frå nedbørsfeltet ved offentleg renovasjon, eller samlast på stader der kommunen har lagt tilrette for dette. Organiserte leirar i Brusdalsvatnets nedbørsfelt er forboden. Det er ikkje lov å sette opp telt nærare Brusdalsvatnet enn 100 meter. All bading i vasskjelda er forbode. Trafikk på Brusdalsvatnet med mototdrevne farkostar er forboden. Det gjeld òg, trafikk på isen med motordrevne kjøyretøy. Idrettsarrangementer på Brusdalsvatnet og i nedbørsfeltet er forbode, like eins for stemner av ein kvar art. Trafikk av fly på Brusdalsvatnet er forboden. Gjødsling av Brusdalsvatnet for opphjelp av fisket er forbode. Det er ikkje ønskeleg at ein nyttar kano, kajakk, padlebrett (SUP brett) og anna fritidsutstyr som har vore i andre vassførekomstar. Grunnen til dette er faren for å dra med seg uønskte artar og anna forureining til drikkevasskjelda som kan få store konsekvensar for det vassmiljøet som er der i dag. Viss ein skal nytta utstyr som ein har nytta i andre vassførekomstar skal ein desinfisera med Virkon-S eller sørga for at alt utstyr er reint, fritt for vatn og er tørka tilstrekkeleg, slik at ein hindrar spreiing av framande artar, f.eks. lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Takk for at du støttar oppmodinga og hjelper oss å bevara drikkevasskjelda! Brusdalsskjønnet og konsesjonar Nærare beskrivingar om dei punkta over sjå Brusdalsskjønnet. Skjønnsdokumentet (pdf) finn du her (underskjønn). (PDF, 10 MB) Her finner man også informasjon om konsesjon gitt frå NVE, i forbindelse med uttak av vatn frå Brusdalsvatnet. For 183 av skjønnet sine 391 takstnummer blei det fremja overskjønn. Dette blei avsagt 14. november 1972 sjå skjønnsdokumentet (pdf) her (overskjønn) (PDF, 6 MB). Brusdalsskjønnet inneheld mellom anna servitutt som avgrensar høvet til å utvide hytter, samt ein del avgrensingar på aktivitetar i nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet. Kartet frå 1970 viser Brusdalsskjønnet med arealbruken og dei avgrensingane som skjønnet la på både allmennta, grunneigarar og andre. Ansvarleg for tenesta Vatn og avløp Sist endra 24.04.2023 10.06