Vasskvalitet

Drikkevatnet i Ålesund er reint og trygt å drikke.  

Dersom noko skulle skje med vatnet som gjer at du ikkje bør drikke det, så blir du varsla.

Vasskvaliteten er med svært få unntak innanfor grenseverdiane i drikkevassforskrifta. 

Sjekk grenseverdiane for vasskvalitetsparametrane her.

Vi kartlegg også kvaliteten på råvatn og drikkevatn, mellom anna gjennom faste analysar og utvida prøve på ulike prøvestader kvar veke.

Sjå resultat frå vassprøvane i dette kartet:

Kokeanbefaling ved endra drikkevasskvalitet

Kommunen sender alltid ut ei kokeanbefaling når det er aktuelt til dei det gjeld, og vi varslar når kokeanbefalinga er oppheva.

Som oftast sender vi slike meldingar for å vere på den trygge sida sidan vi jobbar etter «føre-var» prinsippet for å sikra seg tryggast mogleg drikkevatn til innbyggarane.  

Praktiske råd for kvardagen med kokevarsel finn du her.

Vatnet etter driftsavbrot

Etter arbeid på vassleidningar kan det kome meir rustpartikler frå gamle leidningar  i vatnet. Det kan gi meir kan raud, oransje eller gul farge på vatnet. 

Dersom det er ubehageleg lukt/smak av vatnet eller vatnet er misfarga kan du:

  • La vatnet renne med kaldt vatn til det blir klart igjen. I nokre tilfelle kan dette ta ei stund.
    • Lar du det renne med kaldt vatn så unngår du å få misfarga vatn inn i varmtvannsberedaren.
  • Vent med å vaske lyst tøy til vatnet er klart igjen.
    • Om du får farge på klesvasken, hald tøyet vått til vatnet er klart og vask på nytt.

Om misfargingen ikkje betrar seg i løpet av nokon timar, så ta kontakt med kommunen. Meld om feil

Blautt vatn i Ålesund

Ålesund har blautt vatn med hardleiken på vatnet mellom 0-5 dH°.

Hardleik er eit mål for innhaldet av salt i vatnet, i første rekke kalsium- og magnesiumsalt.

Innhaldet av kalsium blir målt hardleiksgrader, dH°. Skalaen går frå 0 til 30, der 0 er blautt vatn og 30 er hardt. Ein grad er det same som eit innhald av 10 mg kalsiumoksid per liter vatn.

Dei kommunale vassverka i Ålesund har slik hardleik:

  • Ålesund kommunale vassverk: 1,7-2 dH°
  • Skodje kommunale vassverk: mindre enn 0,15 dH°
  • Vatne kommunale vassverk: 1,2 dH°
  • Sjøholt kommunale vassverk: 0,16 dH°
  • Nordøyane: 0,2 dH°

 

Ansvarleg for tenesta