Ved leidningsbrot vil det normalt vera tilstrekkeleg med at kommunen gjer ei kontrollert spyling, men i dei tilfella kommunen er usikker på om det har komme forureining inn i leidningsnettet vil kommunen gjera ei vurdering om ein skal ta ei vassprøve og sende ut eit kokevarsel. I slike høve legg kommunen «føre-var» prinsippet til grunn.
Ved eit kokevarsel bør du følgje Folkehelseinstituttets råd: Kva bør du gjere når du får kokevarsel frå vassverket?
Kommunen sender alltid ut eit kokevarsel til dei det måtte gjelde, og vi sender nytt varsel om oppheving.
Du bør koke vatnet som du skal bruke til:
- Drikke, utblanding av saft, og andre produkt som ein drikk eller blir ete.
- All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 °C.
- Tillaging av kaffe. Kaffetraktarar kokar ikkje vatnet, og vatnet til kaffelaging må difor få eit oppkok på førehand.
- Isbitar.
- Skylling av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast.
- Tannpuss.
Ukokt vatn kan brukast til:
- Lage kokt mat.
- Handvask. Hendene blir vaska med såpe, blir skylt og tørka etterpå.
- Dusjing og karbad: Ein kan dusje og bada som normalt ved kokevarsling. Har ein dårleg immunforsvar i kombinasjon med opne sår, blir ein anbefalt å ta ein rask dusj og at ein tørkar seg godt etterpå. Pass på ikkje å svelge vatn. Ha særleg kontroll med små barn.
- Manuell oppvask og oppvaskmaskin.
- Klesvask og anna reinhald i huset.
- Anna bruk heime.