Utanom hagevatning kan ein bruke vatn som normalt.
Ein familie på 4 bruker i gjennomsnitt ca. 500 til 600 liter vatn per døgn. Dersom ein har på vasspreiar med normalt trykk i 3 til 4 timar er det same som eit forbruk på 2500 til 3000 liter, altså 5 gongar normalt hushaldningsforbruk!
Anbefalingar og restriksjonar om hagevatning
I enkelte høve finner kommunen det nødvendig å sende ut anbefalingar og restriksjonar som omhandlar hagevatning. Dette kan gjelde for hele eller for deler av kommunen. Kommunen vil informerer innbyggarane gjennom kommunens informasjonskanalar, kva som er gjeldande og stadfeste tidsrom og sted.
Her er våre vatningstips til deg:
- Unngå vasspreiar. Grasplener er robuste og toler tørke.
- Ved eventuelt langvarig tørke kan plenen få ei skikkelig «rotbløyte» (tilsvarande 2-3cm med vatn).
- Sjeldan vatning gir robust plen med djupt rotsystem. Dermed vil plena bli betre rusta mot uttørking.
- Blomster bør di gi vatn regelmessig.
- Unngå å vatne midt på dagen. Er det solskin vil vatnet fordampe. Vatne heller på kvelden.
- Dekk jorda. Grasklipp, bark eller liknande held på fuktigheita i jorda.
- Ta vare på regnvatn i t.d. ei tønne og bruk det til å vatne blomster.
- Andre aktivitetar som bilvask, vask av husfasade og liknande bør ikkje gjerast ved lav vasskapasitet.
- Ved brannutrykning i eige område; stopp hagevatninga, slik at det blir nok vatn til slokkearbeidet.
Om du følgjer desse råda bidreg du til god kapasitet og sikker vassforsyning.