Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Vassforsyning

Vassforsyning

Ålesund vannverk forsyner nok og godt vatn til innbyggarane i kommunane Ålesund og Sula, i tillegg til å stille reservevasskjelde for Giske kommune.

Kvar kjem drikkevatnet frå?

Brusdalsvatnet er hovudvasskjelda. Langevatnet og Røssevoldvatnet kan unntaksvis brukast som krisevasskjelde.

Vatnet fra Brusdalsvatnet blir pumpa opp i vassbehandlingsanlegget.

Nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet er ca. 30 km2 (inkludert nedslagsfeltet til Langevatnet) og sjølve vatnet er 7,5 km2. Inntaket ligg på stort djup, under det såkalte sprangskiktet, noko som garanterer stabil og god kvalitet på råvatnet. Les meir om vasskvalitet.

Konsesjonen for Brusdalsvatnet tillèt eit uttak på 55.000 m3 pr. døgn.

Store høgdebasseng er plassert i bysentrum og i Spjelkavika, noko som gir høg sikkerheit og regularitet ved brot på leidningsnettet.

Frå Svartevatnet og vassbehandlingsanlegget på Storsætra vert det levert vatn til husstandar i Skodje sentrum frå Grindvika til Skodjevågen/Furlia, til Valle, Svorta, Glomset og delar av Engesetdalen, Stette og Opskar.

Frå Kråvatnet og vassbehandlingsanlegget på Nysætra vert det levert vatn til om lag halve Sjøholt sentrum. Ørskog private vassverk leverer til resterande abonnentar i sentrum av Sjøholt. Vaksvik vassverk leverer vatn til abonnentane i Vaksvika.

Brattvåg private vassverk sel vatn til Ålesund kommune som leverer vatn til delar av Hildrestranda, og til øyane frå Lepsøya i sør til Ona i nord. Delar av desse områda er dekte av private vassverk. Brattvåg vassverk leverer sjølv vatn til sine abonnentar i Brattvåg og Helland.

Frå Ulvestadvatnet og vassbehandlingsanlegget på Vatne vert det levert vatn til Vatne/Tennfjordområdet og til Hellestranda private vassverk.

Brusdalsskjønnet

Etter løyve frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) fekk Ålesund kommune i 1971 ekspropriere det nødvendige av grunn, vatn og rettar for å etablere vassverk med Brusdalsvatnet som råvasskjelde. Skjønnsdokumentet (pdf) finn du her (underskjønn). (PDF, 10 MB)

For 183 av skjønnet sine 391 takstnummer blei det fremja overskjønn. Dette blei avsagt 14. november 1972 - sjå skjønnsdokumentet (pdf) her (overskjønn). (PDF, 6 MB) Brusdalsskjønnet inneheld mellom anna servitutt som avgrenser høvet til å utvide hytter, samt ein del avgrensingar på aktivitetar i nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet.

Varsling om endringar i vassforsyninga

Vi varslar personar og verksemder som det gjeld ved følgjande hendingar:

  • Ved endringar og stans i vassforsyninga grunna vedlikehaldsarbeid og lekkasjar
  • Ved kokeanbefaling av drikkevatnet

Les meir om varsling

Sjå også

Vasskvalitet.

Til toppen