Søk om utsleppsløyve
Rettleiing (PDF, 116 kB)
Kommunen er forureiningsstyresmakt og skal behandle søknader etter dette kapitlet.
Rettleiing og søknadskjema om utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbygde område finn du på lenkene over.
I følge Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg som tok til å gjelde 1. juli 2012 skal alle nye vass- og avløpsanlegg > 50 pe (kapittel 13) enten vere i kommunal eige eller organiserast som eit andelslag eigd av brukarar, det vil seie som eit samvirkeføretak etter lov om samvirke av 29. juni 2007.
Avløpsanlegg og private leidningar er og søknadspliktig etter § 20-1 i Plan- og bygningslova.