Søknad om utsleppsløyve
Etablering av nye utslepp av sanitært avløpsvatn, eller vesentleg auke av eksisterande utslepp, er søknadspliktige etter forureiningsforskrifta kapittel 12. Søknadsplikta gjeld også når avløp går til lukka tank.
Søker har ansvar for å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å kunne behandle søknaden. Behandlinga starter når søknadsskjema med alle nødvendige vedlegg er innsendt. Kommunen behandlar søknaden innan seks veker.
Manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil dette kunne føre til at saksbehandlinga tar lenger tid.
Naboar, grunneigerar og andre interessentar som utsleppet kan få følgjer for må varslast. Du må få kvittering for at varsel er sendt (for eksempel kvittering på rekommandert brev eller underskrift). Kvitteringar og oversikt over kven som er varsla skal leggast ved søknaden.
Prosjektering og installasjon av nye avløpsanlegg skal utførast av godkjent føretak med tilstrekkelig avløpsteknisk og hydrogeologisk kompetanse. Dokumentasjon frå fagkyndig skal leggast ved søknaden.
Når avløpsanlegget er etablert skal utførande føretak sende inn ferdigmelding digitalt:
Ferdigmelding av private avløpsanlegg
Registrering av slamavskiljarar og tette tankar
Meir informasjon
Avlop.no – Mindre avløpsanlegg