Tilsyn av avløpsanlegg

Kommunen har plikt til å føre tilsyn på utslepp av avløpsvatn. I uke 46 kjem faktura på årsgebyr for kontroll/tilsyn på private avløpsanlegg. 

Ålesund kommune har starta arbeidet med tilsyn på private avløpsanlegg. Dei som er omfatta av dette er husstandar som har innlagt vatn, enten kommunalt eller privat, og ikkje er tilknytt kommunalt avløpsnett.

I dag er det rundt 3525 private anlegg i Ålesund kommune. Mange av desse anlegga vart etablert for mange år sidan og tilfredstillar  ikkje lenger dagens krav for reinsing og utforming. Mange av desse anlegga treng oppgradering for å redusere  tilførsel av tarmbakteriar, næringssalt og organisk materiale til både vassdrag og kystområde.

Alle eigedomar i spreidd busetnad med innlagt vatn og privat avløpsløysning skal ha godkjend utsleppsløyve etter Forurensningsforskriften kapittel 12.

Kommunen har tilsynsplikt

Som forureiningsmyndigheit har kommunen plikt til å føre tilsyn slik at gjeldande regelverk blir følgt. Dette gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg og mindre tettbygde område, påslepp og utslepp av oljehaldig avløpsvatn og påslepp av feitthaldig avløpsvatn.

Kva er tilsyn?

Kontrollarbeidet gjennomførast systematisk og gjerne områdevis. Utgangspunktet for gjennomføring av tilsyn vil i grove trekk gå ut på fylgjande:

  • Gå gjennom dokumentasjon og registreringar for det aktuelle anlegget
  • Kontroll og oppfølging av tømmerapporter, servicerapporter og årsrapporter
  • Vurdere tømmefrekvens og tilgjenge
  • Kontrollbesøk/ inspeksjon (dette vert varsla i forkant)
  • Eventuell prøvetaking av anleggsutslepp og inspeksjon av utsleppspunkt
  • Kontroll av forureining, lukt eller anna sjenanse frå anlegget
  • Tilsynsrapport
  • Oppfølging av eventuelle avvik, og dermed pålegg om tiltak

Årleg gebyr for tilsyn

Den 12.12.2019 vedtok Ålesund kommunestyre lokal Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket. Her står det mellom anna at kommunen sine kostnadar for tilsyn av avløpsanlegg, og saksbehandling i tilknyting til dette, skal dekkast av eigar av avløpsanlegget. For feitt- og oljeutskiljarar er det heimelshavar som skal belastast.

Kvifor årleg betaling?

Det årlege gebyret er basert på kostnadane for å drive tilsyn, og er ikkje ein del av dei kommunale gebyra. Innkrevjing av tilsynsgebyr er basert på sjølvkostprinsippet og eit eventuelt overskot eller underskot vert innarbeidd i gebyrgrunnlaget for seinare budsjettår. 

  • Private avløpsanlegg (Forurensningsforskriften kap. 12)Dei som er omfatta av dette er husstandar (bustadhus, hytter og liknande) som har innlagt vatn, enten kommunalt eller privat, og ikkje er tilknytt kommunalt avløpsnett.
  • Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbygde område (Forurensningsforskriften kap. 13). Dette gjeld for utslipp av kommunalt avløpsvatn frå fellesanlegg i mindre tettbygde område. 
  • Feittutskiljarar (Forurensningsforskriften §15A-4 og lokal forskrift). Dette gjeld alle verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett.
  • Oljeutskiljarar (Forurensningsforskriften Kap. 15). Dette gjeld verksemder som har utslepp, herunder påslepp, av oljehaldig avløpsvatn. 

Kva skal eg betale?

I betalingsregulativet finn du prisane for utøving av mynde etter forureiningsregelverket.

Kan eg klage?

Kommunestyret sitt vedtak om gebyrsatsar kan ikkje klagast på. 

Kontakt oss før utbetring

Vi anbefaler at du alltid tek kontakt med oss før du gjer utbetringar av avløpsanlegget ditt. Som følgje av tilsynsarbeidet som no er i gong, vil det vere mange avløpsanlegg som etter kvart vil få pålegg om oppgradering til dagens reinsekrav.

Viss det vert gjort mindre utbetringar no, kan dette vere unødig bruk av pengar dersom vi krev anna type utbetring i nær framtid, eller om det er planlagt felles avløpsanlegg i nærområdet ditt. Sikring av lokk bør uansett gjerast med ein gong.

Ansvar og heimlar

Etter Forurensningsforskriften kapittel 12 og 13 er kommunen forureiningsmyndigheit og skal føre tilsyn med at føresegn  og vedtak gitt i medhald av kapittelet blir følgt. Forurensningsloven pålegg kommunen å motvirke forureining, føre tilsyn med kjelder til forureining og sørge for at vedtak og pålegg blir følgt.

Fylgjande forskrifter og lover gjeld:

Ansvarleg for tenesta