Slamtømming

Slamtømming

Vi pliktar å sørge for tømming av mindre reinseinnretningar som slamavskiljarar og oppsamlingstankar med ubehandla sanitært avløpsvatn.

Det er Ålesundsregionens interkommunale miljøselskap, ÅRIM som utfører tenesta.

Spørsmål knytt til tømming av septiktankar, tette tankar, minireinseanlegg o.l. skal rettast til ÅRIM. 

Næring

Næringseigedomar og større anlegg er ikkje pliktige til å bruke kommunens tenesteleverandør. Alle avløpsanlegg som ikkje er tilknytt kommunal slamtømmeordning gjennom ÅRIM, må sende inn årsrapport til kommunen innan 1. mars påfølgande år.

Ansvar og mynde

For alle avløpsanlegg er eigar ansvarleg for drift og vedlikehald av anlegget, og skal kunne dokumentere at slamavskiljarar blir tømt og slam levert til godkjent mottak. Kommunen er forureiningsstyresmakt og tilsynsstyresmakt for alle mindre avløpsanlegg under kapittel 12 i forureiningsforskrifta. For større anlegg er kommunen forureiningsstyresmakt etter kapittel 13 og Statsforvaltaren etter kapittel 14 i forureiningsforskrifta.

Anlegg for bubilar og fritidsbåtar

Kommunen skal også sørge for nødvendige anlegg for tømming av avløpsvatn frå bubilar, fritidsbåtar m.m.  

Det er etablert tømmestasjon for bubilar her:

  • i tilknyting til bubilparkeringa i Sorenskriver Bulls gate.
  • ved småbåthamna på Austnes på Haramsøy.

Det er etablert tømmestasjon for fritidsbåtar her:

  • ved Brosundet.

Når er det tømming?

Ved å logge inn på Di side på www.arim.no  kan du søke opp registrerte opplysninger og planlagt tømmetidspunkt.

Les meir om slamtømming på nettsida til ÅRIM

Pris

Gebyret gjeld slamavskiljarar m.m. som etter forurensningslova § 26 og forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen er pålagd tvungen kommunal tømming.

Etter forurensingsforskriftens § 12-13 skal slamavskiljarar tilknytt heilårsbustad eller fritidsbustad tømmast heilt for slam etter behov, ikkje sjeldnare enn kvart andre (heilårsbustad) og fjerde år (fritidsbustad).

Årlig tømming kan også bli pålagt for slamavskiljarar som er mindre enn forskriftskravet.

Tette tankar skal tømmast kvart år, med mindre det føreligg særlige grunnar for dispensasjon. Betalingsregulativet oppfyller reglane for sjølvkost innanfor området.

Sjå betalingsregulativet for renovasjon og slam

 

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen