Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

Slamtømming og septiktank

Slamtømming og septiktank

Vi pliktar å sørge for tømming av mindre reinseinnretningar som slamavskiljarar og oppsamlingstankar med ubehandla sanitært avløpsvatn. Det er Ålesundsregionens interkommunale miljøselskap, ÅRIM som utfører tenesten.

 

Spørsmål knytt til tømming av septiktankar, tette tankar, minirenseanlegg o.l. skal rettast til ÅRIM. 

 

 

Næring

Næringseigedomar og større anlegg er ikkje pliktige til å bruke kommunens tenesteleverandør. Alle avløpsanlegg som ikkje er tilknytt kommunal slamtømmeordning gjennom ÅRIM, må sende inn årsrapport til kommunen innan 1. mars påfølgande år.

Ansvar og myndigheit

For alle avløpsanlegg er eigar ansvarleg for anleggets drift og vedlikehald og skal kunne dokumentere at slamavskiljarar blir tømt og slam levert til godkjent mottak. Kommunen er forureiningsmyndigheit og tilsynsmyndigheit for alle mindre avløpsanlegg under kapittel 12 i forurensningsforskriften. For større anlegg er kommunen forureiningsmyndigheit etter kapittel 13 og fylkesmannen etter kapittel 14 i forurensningsforskriften.

Anlegg for bubilar og fritidsbåtar

Kommunen skal også sørge for nødvendige anlegg for tømming av avløpsvatn frå bubilar, fritidsbåtar m.m.  

Det er etablert tømmestasjon for bobiler her:

  • i tilknyting til bubilparkeringa i Sorenskriver Bulls gate.
  • ved småbåthamna på Austnes på Haramsøy.

Det er etablert tømmestasjon for fritidsbåtar her:

  • ved Brosundet.

Når er det tømming?

Ved å gå inn på abonnentdatabasen til mintank.no kan man søkje opp registrerte opplysningar og planlagt tømmetidspunkt.

Les meir om slamtømming på nettsida til ÅRIM

Til toppen