Fremmerholen - Praktisk informasjon til naboar
Rett etter påske skal det prøveborast i fjell der råvasspumpestasjonen skal kome. Det må vi gjere for å kartlegge djupne og bestille rett lengde på rørspunten som skal installerast seinare i vår.
Vi skal bore ti punkt. Stort sett er det normalt motorstøy når ein borar i lausmasser, men akkurat når ein borar seg inn i fjellet vert det noko støy.
Vi håper å få unna prøveboringa i løpet av to dagar, men for å greie det, så må vi strekke arbeidsdagane noko. Det blir difor arbeid frå klokka 07 til 19. Det er noko lenger arbeidsdagar enn det vi har sagt før, men det blir gjort for at vi skal bli fort ferdig og ikkje spreie boringa og støyen over mange dagar.
Til prøveboringa skal det brukast ein beltegåande borerigg som er cirka 4,5 x 2,2 meter (bildet under).
Før boringa blir det lagt ut oljelenser i vatnet som eit føre-var-tiltak.
Onsdag 13. mars starta arbeidet med å fjerne skog på tomta for den nye råvasspumpestasjonen.
Arbeidet startar lengst nord på tomta.
I samband med arbeidet vil det blir noko støy frå motorsag og traktor. Arbeidet blir gjort innanfor avtalte tider for støyande arbeid.
Reinseanlegget som blei etablert på tomta i starten av februar har fungert bra. Avløpsvatnet blir reinsa slik at ein er innanfor grenseverdiar som miljørådgivarane har sett, før det vert ført vekk frå tomta.
I februar har det for det meste vore sprengingsarbeid og massehandtering på tomta. I månadsskiftet februar/mars nærmar ein seg slutten for sprengingsarbeidet for sjølve byggegropene til dei to bygga som kjem på tomta. Ein må likevel rekne med noko sprenging framover, men truleg i mindre grad enn før.
Fredag 1. mars nådde nådde vi ein viktig milepæl i prosjektet med første betongstøyp for reintvassanlegget.
Dessutan er brakkeriggen montert og det gjenstår berre noko mindre innreiingsarbeid før den blir tatt i bruk. Frå midten av mars vil du finne store delar av prosjektleiinga i brakkeriggen.
Det er gitt rammeløyve for arbeid ved råvassspumpestasjonen ved Brusdalsvatnet og søknaden om igangsettingsløyve er sendt inn. Vi håper at det nærmar seg oppstart på denne tomta også.
Elles gler alle i prosjektet seg over at det går mot vår og lysare og lettare dager
Tidleg februar:
Reinseanlegget for overflatevatnet på tomta til det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen kom på plass mandag 5. februar. Drift og dermed reinsa overflatevatn var på plass same veka. Det var bra - også for nabolaget som slapp trafikken av pumpebilar. Vi beklager ulempa og takkar naboane for tålmodet i fasen med problem med overflatevatn.
Det er no sett ut automatiske vassloggarar fleire stader i området rundt der det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen skal kome.
Det er er loggar ved utløpet av Brusdalsvatnet/innløpet til Spjelkavikaelva, i sjølve Spjelkavikaelva og ved utløpet av Lillevannet.
Vassloggarane skal drive kontinuerleg overvaking av vasskvaliteten.
Det er viktig å få informasjon om vasskvaliteten, og vi ber publikum gi beskjed dersom de ser skade på vassloggarane.
Dersom de ser at vassloggarane er øydelagt eller har forsvunne, så gi byggeleiar Terje Melseth på e-post til teme@novaform.no eller telefon 957 37 846.
Arbeidet er godt i gang etter nyttår, og sjølv med til dels mykje snø har arbeidet i hovudsak gått som planlagt.
Det har vore sprengingsarbeid for tomta på reintvassbygget i januar og det vil halde fram nokre veker til. Når tomta for reintvassbygget er ferdig utsprengt, vil entreprenøren halde fram med sprengingsarbeid på tomta for vassbehandlingsbygget. Det vert altså sprengingsarbeid i Brusdalsvegen 208 i forholdsvis lang tid framover.
Entreprenøren forventar å starte opp med betongarbeidet på reintvassbygget i mars.
Brakkeriggen i Brusdalsvegen 208 skal etter planen etablerast i det nord-vestre hjørnet av tomta i månadsskiftet februar/mars.
Det er ikkje planlagt noko arbeid ved råvasspumpestasjonen ved Brusdalsvatnet før vinteren slepp taket.
Brusdalsvegen 208 22. januar
Foto: Skjermdump frå byggekamera.
Informasjon desember 2023
Så langt har det vore arbeid kun på tomta i Brusdalsvegen 208. Entreprenør har fjerna skog og begynt å køyre vekk forureina jordmassar til godkjent deponi. Tomta var godt kartlagt på førehand, så det har ikkje kome noko overraskingar i samband med dette arbeidet.
Over nyttår vil entreprenør fortsette gravearbeidet, og dei vil klargjere for byggegropene der bygga skal stå. I byggegropene vil vi treffe på fjell, og det vil bli behov for sprengingsarbeid. Slik det ser ut vil sprengingsarbeidet starte i januar. Nærare informasjon om sprengingsarbeid vil komme før dette arbeidet starter opp.
I januar vil entreprenør sette opp brakkeriggen på tomta i Brusdalsvegen 208.
Betongarbeidet i Brusdalsvegen 208 vil starte opp i februar.
Arbeid på råvasspumpestasjonen ved Brusdalsvatnet vil truleg ikkje starte opp for fullt før i mars/april 2024. Det første entreprenøren må gjere er å etablere ei siltgardin i vatnet som skal hindre at uønska partiklar/silt spreier seg i vatnet. Vatnet må difor vere isfritt før ein kan starte arbeidet.
Det kan vere at entreprenør ønsker å starte med noko fjerning av skog på tomta i januar.
Under ser du bilde frå Brusdalsvegen 208 20. desember 2023.
Brusdalsvegen 208:
Støyande arbeid kan skje kvardagar mellom klokka 7 og 21.
For å ikkje forstyrre morgonrush og ettermiddagstrafikken, skal støypearbeid ikkje skje tidlegare enn 8.30 og seinare enn 15.30. På ettermiddag kan det skje at ein må gå litt ut over denne tida dersom noko uforutsett dukka opp og ein ikkje rakk å bli ferdig med betongarbeid innan fristen, men ein set sjølvsagt ikkje i gang nye støypearbeid etter denne tida.
Pumpestasjonen:
Støyande arbeid kan skje kvardagar mellom klokka 7 og 17.
For å ikkje forstyrre morgonrush og ettermiddagstrafikken, skal støypearbeid ikkje skje tidlegare enn 8.30 og seinare enn 15.30. På ettermiddag kan det skje at ein må gå litt ut over denne tida dersom noko uforutsett dukka opp og ein ikkje rakk å bli ferdig med betongarbeid innan fristen, men ein set sjølvsagt ikkje i gang nye støypearbeid etter denne tida.
Alt arbeid skal vere innanfor lovkrav til støy og vere trygt for naboar.
Vi startar i november på tomta til vassbehandlingsanlegget i Brusdalsvegen 208. Hovudtilkomst til tomta vert frå Brusdalsvegen.
For pumpestasjonen er det planlagt å begynne i februar 2024. Før ein kan begynne å grave ut tomta må det leggast ut skiltskjørt i vatnet, ein duk som fangar partiklar, men let vatnet passere. For å få gjort dette, må det vere isfritt. Difor kan ein ikkje gi nøyaktig dato for oppstart.
Arbeid med leidningsnettet og fortau i Rødsetvegen startar hausten 2024. Arbeid med leidningsnettet i Brusdalsvegen blir seinare. Arbeidet med leidningsnettet i desse vegane skal ikkje skje samtidig.
Det vil bli auka trafikk i området i samband med bygginga. Vi vil legge til rette som best vi kan for at anna trafikk skal kome fram på best mogleg måte.
Det vil vere minst eit køyrefelt som er ope heile tida. Akkurat forbi anleggsområdet kan det blir lysregulering.
For å ikkje forstyrre morgonrush og ettermiddagstrafikken, skal støypearbeid ikkje skje tidlegare enn 8.30 og seinare enn 15.30. På ettermiddag kan det skje at ein må gå litt ut over denne tida dersom noko uforutsett dukka opp og ein ikkje rakk å bli ferdig med betongarbeid innan fristen, men ein set sjølvsagt ikkje i gang nye støypearbeid etter denne tida.
Innanfor rundt 50 meter frå der det skal sprengast, vil naboar få tilbod om synfaring og kartlegging av tilstand på hus, støttemurar og liknande. Synfaringa vil skje av tredjepart som ikkje har noko med prosjektet å gjere. Synfaringa kan skje tidlegast seks månader før oppstart av aktivitet. Dokumentasjon er med video som blir lagra i tråd med personvernreglar.
Nokre hus får også vibrasjonsmålar, ein "liten koffert" og med eit innbora målepunkt i husmur slik at vi får kartlagt og har kontroll med vibrasjonane i området.
Vibrasjonar frå sprenging kan virke som om dei er kraftige både for folk og dyr, sjølv om dei er langt under skadegrense for konstruksjonar.
Det kan vere lurt å tenke på:
• Ikkje la dyr vere heime åleine før du ser om det går greitt
• Sprengingsvibrasjonar kan føre til at lause gjenstandar veltar
• Sikre verdifulle ting frå skap og hyller, eller sett dei på golvet.
Det er viktig for oss å halde nabolaget orientert om det som skjer i byggefasen, og vi vil informere på fleire måtar.
Dei største tinga blir varsla med sms til innbyggarane gjennom Ålesund kommune sitt varslingssystem.
Ver obs på om du har takka nei til å motta sms-ar og dersom nokon ikkje kan opne sms, så sørg for at meldingar blir sendt til nokon som kan opne den. Det kan også skje at du har ein jobbtelefon som er registrert utanfor området. Då får du ikkje sms utan at du gir beskjed om at du vil ha.
Du finn ut meir om dette og kan sjekke om du er registrert på www.varslemeg.no, eventuelt ta kontakt med servicekontoret i Ålesund kommune.
Du finn også informasjon om prosjektet her på sida til Fremmerholen vassbehandlingsanlegg.
Du kan ta kontakt med byggeleiar Terje Melseth på e-post teme@novaform.no eller telefon 957 37 846
Unsplash/Giorgio Trovato
Ålesund og Sula har berre ei drikkevasskjelde og i dag har ein berre eit anlegg til å behandle vatnet derifrå. Det er sårbart og ein stor risiko. For å sikre folk livsviktig, reint drikkevatn startar vi i november 2023 arbeidet med å bygge eit nytt anlegg med vassbehandling, pumpestasjon og nye vassleidingar.
Prosessanlegg
Sjølve vassbehandlingsanlegget skal ligge i Brusdalsvegen 208.
Her kjem prosessanlegg som ligg i eit bygg på 2/3 etasjar med røyrkjellar og røyrgater under bakken. Grunnflata på huset er 1000 kvadratmeter. Arealet på dei til saman ti filterbassenga og andre vassfylte kammer er om lag 500 kvadratmeter. Det er også her personalavdelinga til det nye anlegget vert.
I Brusdalsvegen 208 blir det også reinvassanlegg som er eit bygg i 1/2 etasjar og med ei grunnflate på om lag 900 kvadratmeter. Grunnflate på reintvassbassenget som er i dette bygget er på om lag 500 kvadratmeter.
Pumpestasjon
I tillegg til vassbehandlingsanlegget skal det også byggast ein pumpestasjon. Den skal ligge ved Brusdalsvatnet, nedanfor Rødsetvegen og aust for den store svingen på Bregnevegen.
Pumpestasjonen er eit bygg på to etasjar og med ei grunnflate på 150 kvadratmeter. Stasjonen vert spesialbygd for mellom anna å dempe lyd frå pumpene.
Nye leidningar
I tillegg til husa og anlegg over bakken, skal det også leggast nye inntaksleidningar og sjøleidningane frå Brusdalsvatnet skal leggast om.
Det skal også leggast nye leidningar i Rødsetvegen og Brusdalsvegen. Dette vil påverke trafikken i området. Minst eit køyrefelt skal til ei kvar tid vere ope, men folk må rekne med lysregulering forbi anleggsarbeidet.
Arbeidet med regulering av vassbehandlingsanlegget starta i 2021 og reguleringsplanen vart vedteken i 2022.
Sjå reguleringsplanen her
Framdriftsplan
- Byggestart: 20. november 2023
- Forventa testkøyring av anlegget: Våren 2026
- Forventa oppstart: Hausten 2026
Dette er gjort i prosjektet
Fremmerholen vassbehandlingsanlegg
Her finn du svar på spørsmål som ofte har vore stilt om det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen
50.000 menneske i Ålesund og Sula frå drikkevatnet sitt frå Brusdalsvatnet. I tillegg er dette reservevatn for Giske. Det finst ikkje noko anna vatn i området som er stort nok til å forsyne alle med drikkevatn.
Dersom det skulle skje noko med vassbehandlingsanlegget vi har i dag, ville det vere katastrofalt. Vi treng difor eit vassbehandlingsanlegg i tillegg som åleine kan sørge for reint vatn til Ålesund, Sula og Giske. Dette har vi også krav om frå styresmaktene.
Den einaste vasskjelda som er stor nok og god nok er Brusdalsvatnet, og det nye anlegget må hente vatn herifrå slik anlegget vi har i dag gjer det.
Vi har valt Brusdalsvegen 208 til vassbehandlingsanlegget fordi det er nær Brusdalsvatnet der ein skal hente vatn. Samtidig kjem ein utanfor skjønnsområdet med spesielt vern og ut i ytterkant av nedbørsfeltet. Det er viktig med avstand, for å verne vatnet frå forureining.
Råvannspumpestasjonen ved Bregnevegen kjem på ei tomt som kommunen eig. Ei konsekvensutgreiing såg på fem ulike alternativ. Tomta vi har valt ligg i utkanten av fri-/grøntområdet med naboar på begge sider og næringsareal bak. Bygget blir plassert lavt i terrenget for å påverke omgivnadene minst mogleg. Turstien som går over tomta må flyttast noko mot nord, men det er lagt inn oppgradering av turområdet som grensar til pumpestasjonen og møteplass for turgåarar mot vatnet.
Det vert ikkje noko lukt.
Bygget i Brusdalsvegen med sjølve vassbehandlingsanlegget er bygd for å hindre at støy frå prosessanlegget slepp ut til omgivnadene.
Råvasspumpestasjonen har pumpene i kjellaren under bakkenivå. I tillegg blir det lyddempande dører og vindauge og dører og ventilasjon som vender bort frå dei næraste bygga. Huset har dessutan lydfeller og eit ekstra sett veggar på utsida av betongveggane som skal dempe lyd og sørge for at ein innfrir krava som er til lyd frå slike installasjonar.
Vi har laga konsekvensanalyse og plassert anlegget slik at det tek best vare på naturen og minst negative konsekvensar for naturmangfaldet.
Drift
Ordinær drift er forventa frå hausten 2026.
03.08.2026
Testkøyring
Testkøyring av ny vassbehandling er planlagt til sommaren 2026.
04.05.2026
Arbeid med vassbehandlingsanlegg og pumpestasjon
Arbeidet med vassbehandlingsanlegget startar før ein startar med pumpestasjonen. Planlagt oppstart for pumpestasjon er februar 2024.
01.02.2024
Byggestart
Byggestart blir 20. november 2023
20.11.2023
Signering første kontrakt
Signering av første kontrakt for grunnarbeid oktober 2023.
09.10.2023
Kva skjer vidare?
Etter detaljprosjektering skal vi ha konkurranser om utføring av sjølve anlegget og tilhøyrande leidningsanlegg. Før kontrahering av hovedentreprenør, skal det leggast fram ny sak for kommunestyret.
19.12.2022
13. desember 2022
Planutvalet behandla klage på reguleringsplanen, og klagen vert no sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Dokument 22/120009 viser saka.
13.12.2022
15. september 2022
Kommunestyret eigengodkjente reguleringsplanen.
Dokument 22/79857 viser sakspapir og behandling.
15.09.2022
14. april 2021
Kommunen og Asplan Viak hadde onsdag 14. april orientering i kommunedelsutvalet for Spjelkavik, Åse og Lerstad. Her blei det lagt fram presisering av tidlegare varsel i leteområde for pumpestasjon.
1. mai 2021
134 merknader frå offentlege myndigheiter, organisasjonar med interesse i området og frå naboar og grunneigarar til oppstartsvarselet.
18. mai 2021
I samband med at det skal bli laga ein reguleringsplan for nytt vassbehandlingsanlegg, er kommunen pålagt å utføre arkeologiske utgravingar.
14. desember 2021
Planutvalet har i møtet sitt gjort vedtak om offentleg ettersyn av reguleringsplanen.
22. desember 2021
Frå 22. desember til 9. februar 2022 var det offentleg høyring av reguleringsplanen for vassbehandlingsanlegget.
Meir informasjon