Problem med vatn eller avløp?

Det kan vere ulike grunnar til at vatnet i springen eller avløpet forsvinn.

Kort fortalt

  • Ved større feil og oversvømmelser, ring straks til vakttelefon (951 62 000). Ved fare for materielle skadar og/eller kjelleroversvømmelser ring òg brannvesen (110).
  • Ved oversvømmelse på eigen eigedom må du kontakte forsikringsselskapet ditt.
  • Ved mindre lekkasjar på privat eller offentleg vassledning meld om feil.

Har du ikkje vatn?

Når det er eit pågåande vassbrot på leidningane i området blir som regel innbyggarar dette gjeld varsla på SMS. Sjekk om du er registrert for varsling på Varslemeg.no.

  • Har du ein automatisk vasstoppar i huset? Sjekk om denne er utløyst og har stengt av vatnet. Kontroller dette før du ringer kommunen.
  • Uføres det arbeid i blokka der kor du bur eller i eit nærliggande hus som det kan tenkast at du delar stikkleidning med? Sjekk gjerne området rundt deg om det står ein bil frå ein røyrleggar. Ta gjerne kontakt med dei om dei har stengt av vatnet hos deg. Røyrleggarar skal normalt gi beskjed/varsle når dei stenger vatnet for andre enn kunden deira.

Manglande varsling og problem med vatnet?

Det blir normalt sendt ut melding når planlagt arbeid utførast kor enten vatnet forsvinn, endringar i vassleveransen eller vasskvaliteten blir endra.

Det kan likevel hende at det ikkje blir sendt melding til deg. Dette kan skyldast at kommunen har feil eller manglande informasjon om kor du er tilkopla kommunalt leidningsnett, eller at telefonnummeret ikkje er registrert på korrekt adresse. Dette hender ofte hos dei som har telefon som er registrert på arbeidsgjevar sin adresse eller bur på en anna adresse enn der telefonen er registrert.

Vasslekkasje

  • Ved vasslekkasje kor vatnet kjem opp av bakken:
    • Ring straks til vakttelefon (951 62 000).
    • Ved fare for materielle skadar og/eller kjelleroversvømmelser ring òg brannvesen (110).
  • Om det oppstår lekkasje på privat stikkleidning, må du kontakta røyrleggar/entreprenørfirma for å bistå med reparasjon. Om Ålesund kommune oppdagar lekkasje på stikkleidningar vert det sendt eit pålegg til huseigar om at lekkasjen må utbetrast.

Problem med vasskvalitet/trykk

  • Har naboen dei same problema?
    • Om det er fleire som har same problem så tyder det ofte på problem på det kommunale vassleidningsnettet. Om ein bur i blokk bør ein òg sjekke med naboar som ikkje bur i same blokk.
  • Trykket er bra når eg opnar krana, men reduseres med ein gong.
    • Dette er typisk problem på gamle røyr som har tetta seg med avleiringar.
    • Det kan òg være problem med trykkreguleringsventil.
    • Det er mange som har ein sil/filter som skal være montert før trykkreguleringsventilen, denne kan tette seg. Silen bør reingjerast med jamne mellomrom for å unngå at den tettar seg. Vi anbefaler at ein autorisert røyrleggar utfører dette arbeidet.
  • Trykket er dårleg heile tida.
    • Høyrer du susing frå røyra? Legg gjerne øret inntil røyret for å høyre betre, gjer dette i nærleik av innvendig stoppekran. Om det suser i røyra utan at det blir brukt vatn i huset er dette ein god indikasjon på at der er ein lekkasje ein plass. Det seier ikkje noko om det er lekkasje på det kommunale anlegget eller det private. Ta gjerne kontakt med kommunen.
    • Det er område i hagen eller andre plassar utandørs kvar det aldri blir tørt. Dette kan vera indikasjonar på at det lek vatn ut av ein leidning. Men vêr obs på at dette kan òg vera naturlege oppkomme av grunnvatn.

Avløp og overvatn

Viss du merkar kloakklukt i lengre periodar ute så meld frå om dette.

Unngå vasskadar ved kraftige regnskyll - hald alltid avløp, sluk og rister opne og rydda for lauv og skrot, slik at vatnet kan renne unna.

Kloakklukt i bygningar

For å unngå lukt i bygg har sanitærreglementet for Ålesund kommune krav om vasslås, dimensjonar på leidningsnettet og krav om at alle bygg skal ha lufting over tak.

Slik går du fram ved kloakklukt i bygg:

  • Oppstår kloakklukt i bygget, blir det anbefalt først å etterfylle alle vasslås med vatn.
    For å hindre at kloakklukt kjem ut frå avløpsnettet og inn i bygget, er det krav om at alle avløpsinstallasjonar skal ha montert vasslås. Det hender at vatnet i vasslåsen fordampar eller av andre årsaker forsvinn. Dette fører til at kloakklukt kjem ut i rommet der utstyret/sluket er plassert. Skulle dette ikkje være tilstrekkeleg blir det anbefalt å ta kontakt med røyrleggar for ei fagleg vurdering av avløpsanlegget.
  • Avløpsleidningane dine kan vere lekk.
    Avløpsleidningar som ikkje er tett og samankoblingar kan òg føra til lukt. Dette er ofte vanskelegare å oppdage utan å gjere rørinspeksjon eller røyktesting av avløpsnettet. Ein røyrleggar kan hjelpe med dette.
  • Rotter i bygget.
    Rotter som døyr og blir liggande i bygg i lengre tid, kan avgi lukt som liknar kloakklukt. Rotter kan i gitte situasjonar òg gnage hol i eksisterande avløpsleidningar og dermed forårsake luktproblem. Sjå kva du skal gjere rotter og skadedyr.

Ansvarleg for tenesta