Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Prisar for vatn og avløp

Prisar for vatn og avløp

Her finn du års-, tilknytings- og andre prisar for vatn og avløp som kommunen leverer. 

Årsgebyr

Årsgebyr for vassforsyning og avløpshandtering er todelt:

  1. Abonnementsgebyr: Eit fast årleg gebyr for kommunen sine vass- og avløpstenester. Inntektene frå gebyret skal fortrinnsvis dekke kapitalkostnadar for tenestene.
  2. Forbruksgebyr: Blir fastsett enten etter faktisk vassforbruk eller stipulert etter størrelsen på bustaden. Stipulert forbruk blir rekna ut ifrå bruksareal multiplisert med ein faktor på 1,2 m3/m2. For fritidsbustadar og naust er faktoren 0,6 m3/m2. Bruksareal blir rekna etter NS-3940. Vass- og avløpsgebyra reknast etter prinsippet vassmengd inn er lik vassmengd ut.

Differensiert abonnementsgebyr

Abonnementsgebyret er differensiert ut frå brukskategoriar:

  • Bustadeigedom og fritidsbustadar: Eit abonnementsgebyr per bueining. For einebustader med inntil ei ekstra bueining skal det likevel betalast berre eitt abonnementsgebyr.
  • Nærings- og kombinasjonseigedom (bedrifter, landbruk mv.), samt sprinklaranlegg: Etter kategoriar avhengig av vassforsyningskapasiteten til den enkelte eigedom. Eigedomar plasserast i kategoriar basert på målt forbruk i 2019 eller stipulert forbruk 2020. Eigedomar med forbruk under 1000 m3 er kategori 1 og eigedomar med forbruk likt eller over 1000 m3 er kategori 2.
Årleg abonnementsgebyr
Teneste Område MVA Pris Pris inkl. MVA
Vatn Bustad- og fritidseigedomar 25% 961,- 1 201,25
Vatn Næringseigedomar mv. (kategori 1) 25% 961,- 1 201,25
Vatn Næringseigedomar mv. (kategori 2) 25% 1 922,- 2 402,50
Avløp Bustad- og fritidseigedomar 25% 1 114,- 1 392,50
Avløp Næringseigedomar mv. (kategori 1) 25% 1 114,- 1 392,50
Avløp Næringseigedomar mv. (kategori 2) 25% 2 228,- 2 785,00

Merknad: I 2020 blir alle nærings- og kombinasjonseigedomar sett i same kategori.

Forbruksgebyr målt (vassmålar) (kr/m3)
Teneste Abonnentar Mengde MVA Pris Pris inkl. MVA
Vatn Alle abonnentar Per m3 25 % 10,73 13,41
Avløp Alle abonnentar Per m3 25 % 15,40 19,25
Forbruksgebyr stipulert (kr/m2)
Teneste Abonnentar Omrekningsfaktor Mengde MVA Pris Pris inkl. MVA
Vatn Bustad og næring 1,2 m3/m2 pr. m2 25 % 12,88 16,10
Vatn Fritidsbustadar og naust 0,6 m3/m2 pr. m2 25 % 6,44 8,05
Avløp Bustad og næring 1,2 m3/m2 pr. m2 25 % 18,48 23,10
Avløp Fritidsbustadar og naust 0,6 m3/m2 pr. m2 25 % 9,24 11,55

Tilknytingsgebyr

Tilknytingsgebyr er eit eingongsgebyr som skal betalast for tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg. Gebyret skal betalast for:

  • Ny tilknyting av eigedom.
  • Tilknyting av eksisterande eigedom, eller eigedom som kommunen krev tilknytt.
  • Eksisterande eigedom med tilknyting som ikkje er godkjent.
  • Anna permanent tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg, t.d. vatningsanlegg for landbruk, idrettsanlegg mv.
  • Særskild tilknyting av sprinklaranlegg.

Tilknytingsgebyret skal vere betalt før tilknyting.

Tilknytingsgebyr
Teneste MVA Pris Pris inkl. MVA
Vatn 25 % 6 400,00 8 000,00
Avløp 25 % 6 400,00 8 000,00
Vatn, redusert* 25 % 1 280,00 1 600,00
Avløp, redusert* 25 % 1 280,00 1 600,00

 *Merknad:  Dersom kommunen overtar private vass- og/eller avløpsanlegg gjennom utbyggingsavtalar kan kommunen i kvart tilfelle berekne redusert tilknytingsgebyr for eigedomar som deltek økonomisk. Redusert tilknytingsgebyr tilsvarar 1/5 av til ei kvar tid gjeldande fulle gebyr.

Tilleggsgebyr
Teneste MVA Pris Pris inkl. MVA
Dersom kommunen føretek avstenging eller påsetting av vassforsyninga (per god per eigedom) 25 % 1 600,00 2 000,00
Dersom abonnenten unnlét å foreta ei avlesing og kommunen må foreta avlesinga (per gong per vassmålar) 25 % 800,00 1 000,00

Avlesing av vassmålar

Alle vassmålarar skal lesast av ein gong kvart år. Målarstand skal rapporterast på vassmålarkort og blir sendt til kommunen elektronisk eller som brevpost. 

Næringsabonnentar som installerer vassmålar før utgangen av august 2020, får årsforbruket stipulert med bakgrunn i forbruket dei siste fire månader av året. Dette gjeld både vatn og avløp.

Les meir om vassmålar og prøv vassmålarkalkulatoren.

Gebyrreduksjon i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag

Abonnenten har rett til reduksjon i gebyr ved feil eller mangel ved vassforsyninga i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag. Abonnenten har rett til redusert gebyr dersom ikkje-varsla avbrot i vassforsyninga varar i meir enn 24 timar. Vilkår for gebyrreduksjon er at mangelen skuldast høve hos kommunen, til dømes forureining i vasskjelde eller feil ved kommunalt anlegg.

Krav om redusert gebyr må fremmast innan to månader etter at høvet oppstod, dersom ikkje kommunen har fatta eige vedtak om gebyrreduksjon. Årsgebyret blir redusert med 0,3 % per påbegynt døgn utover det første døgnet.

Til toppen