Har du ikkje vatn?

Har du ikkje vatn?

Det kan vere ulike grunnar til at vatnet i springen eller avløpet forsvinn.

Vasslekkasje

Ser du store mengder vatn som fossar fram i terrenget eller i gata kan det vere vasslekkasje på ei offentleg leidning. Dette kan føre til stor skade og må derfor fiksast raskt.

Meld straks frå til Vatn og avløp sin vakttelefon.

Høyrer du vedvarande sus i rør, opplever lågare vasstrykk enn vanleg eller ser vatn som sildrar fram i terrenget eller på vegen, og dette ikkje skuldast nedbør, kan det vere ein mindre lekkasje på privat eller offentleg vassleidning.

Ved lekkasje på privat eigedom eller i ein bustad er det huseigar som har ansvar for drift eller vedlikehald av vassleidninga. Då er det viktig at ein kontaktar rørleggar- eller entreprenørfirma så snart som mogleg.

Problem med vasskvalitet/trykk

Om du synest vatnet har ubehageleg lukt, eller utsjånad (brun eller gul farge) – eller at trykket er lågare enn normalt kan dette meldast til kommunen.

Slike feil kan ha samanheng med eit pågåande vassbrot, eller at det pågår vedlikehaldsspyling på leidningane i området. Som regel blir innbyggarar dette gjeld varsla på SMS. Sjekk om du er registrert for varsling på Servicevarsling.no.

Har du misfarga vatn i springen, la den lågast monterte kaldtvasskranen i bygget renne til vatnet blir klart igjen.

Er du plaga med misfarga vatn, eller om vatnet har dårleg smak eller lukt, kan vi på førespurnad ta ei prøve av vatnet.

Til toppen