Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Hagevatning

Begrensing av hagevatning

Leidningsnettet er ikkje dimensjonert for hagevatning. Dette er heller ikkje vanleg. Dersom det høge forbruket held fram kan enkelte delar av distribusjonsområda få lavt trykk og i verste fall minste vatnet. Det kan også få store konsekvensar for brannvesenet ved at det ikkje er nok vatn til sløkking. 

Utanom hagevatning kan ein bruke vatn som normalt.

Ein familie på 4 bruker i gjennomsnitt ca. 500 til 600 liter vatn per døgn. Dersom ein har på vasspreiar med normalt trykk i 3 til 4 timar tilsvarer dette eit forbruk på 2500 til 3000 liter, altså 5 gongar normalt hushaldningsforbruk!

Her er våre vatningstips til deg:

  • Unngå vasspreiar. Grasplener er robuste og toler tørke.
  • Ved eventuelt langvarig tørke kan plenen få ei skikkelig «rotbløyte» (tilsvarande 2-3cm med vatn).
  • Sjeldan vatning gir robust plen med djupt rotsystem. Dermed vil plena bli betre rusta mot uttørking.
  • Blomster bør di gi vatn regelmessig.
  • Unngå å vatne midt på dagen. Er det solskin vil vatnet fordampe. Vatne heller på kvelden.
  • Dekk jorda. Grasklipp, bark eller liknande held på fuktigheita i jorda.
  • Ta vare på regnvatn i t.d. ei tønne og bruk det til å vatne blomster.
  • Andre aktivitetar som bilvask, vask av husfasade og liknande bør ikkje gjerast ved lav vasskapasitet.
  • Ved brannutrykning i eige område; stopp hagevatninga, slik at det blir nok vatn til slokkearbeidet.

Om du følgjer desse råda bidreg du til god kapasitet og sikker vassforsyning.

Til toppen