Forhåndsuttale til byggesak

Førehandsuttale i byggesaker

Hensikta med ein førehandsuttale er i hovudsak å avklare tilknytingspunkt og kapasitet på vass- og avløpsnettet, handtering av overvatn og om tiltaket kjem i konflikt med leidningar i grunnen.

 

Du treng ikkje å søke førehandsuttale dersom:

  • Det gjeld punktreparasjon ved akutte lekkasjer, eller rehabilitering av avløpsleidningar med innvendig strømpe (utan graving).
  • Du skal gjere andre arbeid på innvendige vass- og avløpsleidningar enn dei som er nemnt under. Oppussing av bad kan for eksempel gjerast utan å søke. Søknad om vass- og avløpsarbeid for innvendig arbeid skal likevel sendast inn og vere godkjent før oppstart.

 

Du må søke førehandsuttale dersom du skal:

  • Søke om byggeløyve. Dette gjeld for byggetiltak som skal ha vassforsyning og avløp, men også andre tiltak som eksempelvis murer, garasjar og naust.
  • Utføre deling av eigedom som skal byggast ut

 

Søk om førehandsuttale

Skjema for innhenting av førehandsuttale

 

Skjemaet fyllast ut av tiltakshavar eller ansvarleg søkar.

Situasjonskart og leidningskart skal leggast ved når du fyller ut skjemaet. Du kan bruke det same situasjonskartet som i bygge- eller delingssøknaden. Leidningskart får du ved å ta kontakt med servicetorget.

Tiltakshavar eller ansvarleg søkar skal sende mottatt førehandsuttale for vatn og avløp

 

Søknad om vass- og avløpsarbeid

Før det blir gitt igangsettingstillating (IG) til byggetiltak skal anvarleg entreprenør/røyrleggar sende inn og få godkjent «søknad om vann- og avløpsarbeid». Førehandsuttalen vil vere ein del av grunnlaget for behandling av denne søknaden

Til toppen