Du blir varsla med SMS. Dersom du berre har fasttelefon, får du ei automatisert talemelding.
Jobbtelefon eller hemmeleg nummer
Dersom du har mobiltelefon gjennom jobben knytt adressa til arbeidsstaden din, eller telefon som er reservert mot visning i nummeropplysningstenester (hemmeleg nummer), får du i utgangspunktet ikkje meldingar som kommunen sender ut som SMS eller talemelding.
Difor anbefaler vi at du sjekkar om telefonnummeret ditt er registrert, og legg inn informasjon sjølv slik at du får varsel slik du ønsker. Telefonnummer som blir registrert i databasen er hemmeleg for alle andre.
Slik sjekkar du om du får varsel frå oss
Varslemeg.no er ein portal for vassavstengingar, graving med meir. Her kan du sjølv legge inn adresse og telefonnummer og sjekke om du ligg inne for å bli varsla.
- Gå inn på Varslemeg.no.
- Trykk på "Ny/endre oppføring" for å sjekke oppføringa di.
- Du blir spurt om telefonnummer og får tilsendt ein PIN-kode. Det er lurt å ha ha klart matrikkelnummer for den eigedommen du ønsker å blir varsla for.
Korleis finn kommunen telefonnummeret mitt?
Adressedatabasen som blir brukt under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret. Innbyggarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottar dermed heller ikkje varsel om for eksempel stenging av vatn.
Blir bedrifter varsla?
Adressedatabasen som blir brukt under varsling inneheld også adresser og telefonnummer til bedrifter. Kontaktinformasjon blir henta frå einingsregisteret. Det kan allikevel vere vanskeleg å nå dei rette personane i bedrifta, difor er det anbefalt at bedrifter legg til eller endrar nummer og kontaktpersonar som skal varslast.
Varslingssystemet er meint som ei sikkerheit for di bedrift, verksemd eller institusjon. Om vi skal kunne nå dykk på ein rask og effektiv måte, er vi avhengige av at rett kontaktperson blir registrert.
Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er derfor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemder. Dersom di bedrift er registrert med et slikt nummer, bør dette endrast for å vere sikker på at bedrifta får eventuell varsling.
Korleis registrere bedrifta
Ved å registrere bedrifta via Varslemeg.no kan bedrifta registrerast som ein sårbar abonnent.
1. Gå til Varslemeg.no og klikk på "Ny/endre oppføring"
2. Oppgi telefonnummer for å få PIN-kode for innlogging.
OBS: Dette telefonnummeret blir automatisk oppført som oppføring for bedrifta og varslingar som blir sende via SMS vil gå direkte til dette nummeret.
Deretter får du ei oversikt over eksisterande oppføringar knytt til oppgitt telefonnummer.
3. For å legge til ny oppføring for bedrifta di, klikk "Legg til ny oppføring". Viss du ønskjer å endre eksisterande oppføring klikkar du på denne i staden for.
4. Vel "Bedrift" for å starte registering av bedrift.
5. Fyll inn organisasjonsnummer (9 siffer) og namn på bedrifta. Ønsker du at namn og org.nr skal skjulast for varslingsloggen vår kryssar du av for "hemmeleg".
6. Vel deretter kva kommune som skal ha tilgang til oppføringa.
7. Legg inn gatenamn og husnummer, vel utor lista som Varslemeg.no foreslår.
8. Vel kva gruppe bedrifta tilhøyrer, basert på vald gruppe vil sårbarheit setjast automatisk.
9. Legg inn tilleggstelefonnummer som kjem i tillegg til telefonnummer som vart nytta for å logge inn. Dette nummeret vil også bli varsla knytt til oppgitt gatenamn. (Dette steget er valfritt)
10. Klikk "Lagre" og logg ut.