Tilknytning til kommunalt vass- og avløp

Eigedomar skal vere tilknytta avløpsnettet.

Plan- og bygningslova seier at kommunen kan pålegge deg å vere knytt til det offentlege vatn- og avløpsnettet.

Har du ein eigedom som ikkje er tilknytta avløp, men har innlagt vatn, må du anten kople deg til offentlege avløpsleidningar eller sørge for godkjent reinseløysing for utsleppet.

Ønsker du tilknyting til det kommunale vass- og/eller avløpsnettet, må du søke til kommunen om tilknyting. Då treng du røyrleggarmelding.

Ved nybygg

Dersom du bygger eit nytt hus eller fritidsbustad, eller søker om bruksendring som medfører ei byggesak, skal du søke om tilknyting til kommunalt vatn og avløp gjennom byggesøknaden din.

Tilknyting til VA-/Sanitæranlegg

For søknad om etablering, endring og reparasjon av VA-anlegg som er tilknytt eller skal knytast til det offentlege vass- og avløpsnettet skal entreprenørane sin portal nyttast. For tilgang - ta kontakt med avdelinga for vatn og avløp. 

Leidningskart for eigen eigedom får ein ved å sende ein e-post til vatnavlop@alesund.kommune.no. 

Etablering av avløpsanlegg og leidningar er også søknadspliktige etter plan- og bygningslova.

Tilkoplingsavgift

Ved tilkopling betaler du ei tilkoplingsavgift. Denne blir årleg fastsett av kommunestyret.

Her finn du prisar som gjeld vatn og avløp.

Private vass- og avløpsanlegg (som er tilknytta det kommunale anlegget)

Som abonnent er du ansvarleg for ditt private vass- og avløpsanlegg til kvar tid er i forskriftsmessig stand. Dette gjeld den private stikkleidninga din og anna utstyr utanfor huset.

Stikkleidningar er definerte som eit vass- og/eller avløpsleidning som frå den kommunale hovudleidningen og inn til bustaden din. Stikkleidningen er eigd og blir i sin heilskap halden ved like av grunneigar.

Grunneigar er ansvarleg for utbetring av eventuelle lekkasjar på stikkleidninga. Ansvaret strekker seg til og med tilkoplingspunktet til den kommunal leidninga. Stikkleidninga skal vere lagt i frostfrie massar og det private vass- og avløpsanlegget skal vere i tråd med dei tekniske avgjerdene i standard abonnementsvilkår.

Meir informasjon

Etablering om vatn- og avløpsanlegg på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK)

Ansvarleg for tenesta