Kven skal ha oljeutskiljar?
Verksemder som har vaskeplass, smørjehall, servicehall eller liknande må ha oljeutskiljar
Det kan vere:
- bensinstasjonar
- vaskehallar for køyretøy
- motorverkstader
- bussterminalar
- verkstader og klargjeringssentralar for køyretøy, anleggsmaskiner og skinnegåande materiell
- anlegg for understellsbehandling
Kommunen kan, som eigar av leidningsnett og reinseanlegg, krevje at andre typer verksemder som har påslepp til avløpsnettet installerer oljeutskiljar.
Korleis søke om utslepp-/påslepp av oljehaldig avløpsvatn?
Før installasjon av ny eller utskifting av oljeutskiljar skal det sendast inn søknad:
Her kan du søke om utslepps-/påsleppsløyve for oljehaldig avløpsvatn.
Kva treng vi å gjere med oljeutskiljaren?
De må inngå avtale med føretak som kan sørge for tømming, service og prøvetaking av oljeutskiljaren. Oljeutskiljar og sandfang skal tømmast etter anvisninger frå produsenten, men minimum ein gang i året. Det skal takast representativ prøve av vatn ut frå oljeutskiljaren. Alle oljeutskiljarar skal derfor ha prøvtakingskum.
Som ein del av internkontrollsystemet til verksemda skal det til ei kvar tid vere ein skriftleg avtale om tømming, service/kontroll og prøvetaking av alle oljeutskiljaranlegg. Ved opphøyr av, eller endringar i avtalen skal dette meldast til kommunen. Service/kontroll, tømming og prøvetaking skal utførast av føretak med nødvendig kompetanse og utstyr. Utskilt olje og sand/slam frå sandfang og utskiljar er farleg avfall og må deklarerast og leverast til godkjent mottak.
Utsleppskrav
Oljeinnhaldet skal ikkje overstige 50 mg/l.
Korleis rapportere?
For alle verksemder med påslepp av oljehaldig avløpsvatn skal alle kontrollar, tømmingar, prøvetakingar og analyseresultat rapporterast til kommunen digitalt. Dette skal gjerast i operatørportalen av føretaket som verksemda har service/kontroll og tømmeavtale med.
Gebyr
Den 12.12.2019 vedtok Ålesund kommunestyre lokal Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket.
Forskrifta gjeld gebyr for kommunens saksbehandling og tilsyn/kontroll etter forureiningsforskrifta kapittel 15 og 15A. Det skal betalast eit eingongsgebyr for saksbehandling ved søknad om løyve til utslepp/påslepp av oljehaldig avløpsvatn. Gebyret blir belasta tiltakshavar.
Årsgebyr for kontroll/tilsyn blir belasta heimelshavar. Størrelsen på gebyra er i samsvar med gjeldande betalingsregulativ.
Meir informasjon og regelverk