Installere tilbakestrøymingsvernAlle som er knytt til ein offentleg vassleidning må sikra seg mot å forureina vassleidningsnettet. Kva er tilbakestrøyming? Under uheldige omstende kan forureina vatn eller andre væsker bli trykte eller strøyma tilbake frå ei kran eller eit tilkoplingspunkt inn i vassleidningane, og ut på det offentlege leidningsnettet. Dette kan forureina drikkevatnet til andre forbrukarar Det er to hovudgrunnar til at tilbakestrøyming oppstår: Trykket i vassleidningane forsvinn, slik at væske blir sogne ut på nettet, f.eks ved leidningsbrot Abonnenten har utstyr som opererer ved høgare trykk enn trykket på vassleidningen, og ein feil manøvrering gjer at vatn blir trykt eller pumpa ut på nettet, f.eks ved bruk av høytrykkspyler eller anna trykkaukeutstyr Slik kan du sikra deg mot tilbakestrøyming For å sikra deg mot tilbakestrøyming må det installerast korrekt tilbakestrøymingsbeskyttelse (òg kalla tilbakeslagsventil). Væsker som er på det interne rørsystemet og potensielt kan førast tilbake på det offentlege vassleidningsnettet, avgjer kva type vern som bør installerast. Væsker blir delte inn i ulike væskekategoriar ut i frå kva forureiningsgrad dei kan medføre ved tilbakestrøyming. Skjema Kontrollskjema for tilbakestrøymingsvern Meld frå om installasjon av tilbakestrøymingsvern Ansvarleg for tenesta Vatn og avløp Sist endra 27.02.2023 08.15