Innmelding av røyrleggararbeid

Alt røyrleggararbeid skal utførast av godkjent foretak, eksempelvis røyrleggar eller entreprenør, som må søke/melde inn arbeidet og få det godkjent før oppstart.

Dersom leidningsanlegget kjem inn på naboeigedommar eller bygningar, må ein innhente løyve frå eigaren før arbeidet startar. Rett til å ha leidningar liggande på naboen sin grunn skal tinglysast hos Kartverket. Når arbeidet er avslutta skal ansvarleg føretak sende inn ferdigmelding.

Sanitærsøknadar, melding om vassmålarinstallasjon og innmelding av utført arbeid skal leverast digitalt på Entreprenørportalen for VA, autoriserte røyrleggarar og entreprenørar har tilgang til.

Før det blir gitt igangsettingsløyve (IG) til byggetiltak skal ansvarleg entreprenør/røyrleggar sende inn og få godkjent «søknad om vatn- og avløpsarbeid». Førehandsuttalen vil vere ein del av grunnlaget for behandling av denne søknaden.

Førehandsuttale

Før du skal bygge eller tar til å grave, må du avklare tilknytingspunkt og kapasitet på vass- og avløpsnettet, handtering av overvatn og om tiltaket kjem i konflikt med leidningar i grunnen. Ei slik avklaring blir kalla førehandsuttale. Førehandsuttalen vil vere ein del av grunnlaget for behandling av søknad om vatn- og avløpsarbeid.

Les meir om førehandsuttale.

Ansvarleg for tenesta