Godkjenning av private VA-anlegg

Før det blir gitt igangsettingsløyve (IG) til byggetiltak skal anvarleg entreprenør/røyrleggar sende inn og få godkjent «søknad om vann- og avløpsarbeid». Førehandsuttalen vil vere ein del av grunnlaget for behandling av denne søknaden.

Innmelding av røyrleggararbeid

Alt røyrleggararbeid skal utførast av godkjent føretak, eksempelvis røyrleggar eller entreprenør, som må søke/melde inn arbeidet og få det godkjent før oppstart.

Dersom leidningsanlegget kjem inn på naboeigedommar eller bygningar, må ein innhente løyve frå eigaren før arbeidet startar. Rett til å ha leidningar liggande på naboen sin grunn skal tinglysast hos Kartverket. Når arbeidet er avslutta skal ansvarleg føretak sende inn ferdigmelding.

Tilknyting til VA-/Sanitærannlegg

For søknad om etablering, endring og reparasjon av VA-anlegg som er tilknytt eller skal knytast til det offentlege vass- og avløpsnettet skal entreprenørane sin portal nyttast.

For tilgang ta kontakt med avdelinga for vatn og avløp. Portalen blei tatt i bruk i 2016. Røyrleggerarbeid som er søkt om/meldt før portalen blei tatt i bruk, må ferdigmeldast som tidlegare på Sanitæranlegg (ferdigmelding - registreringsskjema).

Leidningskart får ein ved å senda bestilling på e-post til VA avd. Leidningsdata. Etablering av avløpsanlegg og leidningar er også søknadspliktige etter plan- og bygningslova.

Vassmålar og tilbakestrøymingsvern

Det skal søkast/meldast om installasjon av vassmålar, tilbakestrøymingsvern, feittutskiljar og oljeutskiljar i eigne skjema. Det må søkast om løyve for private utslepp, og anlegg må ferdigmeldast. Sjå skjema for vatn, avløp og renovasjon.

Søknad om vass- og avløpsarbeid

Før det blir gitt igangsettingsløyve (IG) til byggetiltak skal anvarleg entreprenør/røyrleggar sende inn og få godkjent «søknad om vann- og avløpsarbeid». Førehandsuttalen vil vere ein del av grunnlaget for behandling av denne søknaden.