Førehandsuttale i byggesaker

Førehandsuttale i byggesaker

Før du skal bygge eller tar til å grave, må du avklare tilknytingspunkt og kapasitet på vass- og avløpsnettet, handtering av overvatn og om tiltaket kjem i konflikt med leidningar i grunnen. Ei slik avklaring blir kalla førehandsuttale.

Før det blir gitt igangsettingsløyve (IG) til byggetiltak skal ansvarleg entreprenør/røyrleggar sende inn og få godkjent «søknad om vatn- og avløpsarbeid». Førehandsuttalen vil vere ein del av grunnlaget for behandling av denne søknaden

Når må du søke førehandsuttale?

Du må søke førehandsuttale dersom du skal:

  • Søke om byggeløyve. Dette gjeld for byggetiltak som skal ha vassforsyning og avløp, men også andre tiltak som eksempelvis murar, garasjar og naust.
  • Utføre deling av eigedom som skal byggast ut

Når slepp du å søke førehandsuttale?

Du treng ikkje å søke førehandsuttale dersom:

  • Det gjeld punktreparasjon ved akutte lekkasjar, eller rehabilitering av avløpsleidningar med innvendig strømpe (utan graving).
  • Du skal gjere andre arbeid på innvendige vass- og avløpsleidningar enn dei som er nemnde under. Oppussing av bad kan for eksempel gjerast utan å søke. Søknad om vass- og avløpsarbeid for innvendig arbeid skal likevel sendast inn og vere godkjent før oppstart.

Søk om førehandsuttale

Skjema for innhenting av førehandsuttale

Skjemaet fyllast ut av tiltakshavar eller ansvarleg søkar.

Situasjonskart og leidningskart skal leggast ved når du fyller ut skjemaet. Du kan bruke det same situasjonskartet som i bygge- eller delingssøknaden.

Slik får du tak i leidningskart (VA-kart):

Tiltakshavar eller ansvarleg søker skal sende mottatt førehandsuttale for vatn og avløp.

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen