Kven skal ha feittutskiljar?
Verksemder som serverer eller produserer mat skal ha installert feittutskiljar slik at feitt blir skilt ut og ikkje slepp ut på avløpsnettet.
Eksempel på verksemder som må ha feittutskiljar:
- Restaurantar
- Kaféar og konditori
- Catering og ferdigmatprodusentar
- Gatekjøkken og kioskar
- Pizza- og hamburgarbarar
- Kantiner
- Slakteri
- Kjøttforedlingsbedrifter
- Fiskeforedlingsbedrifter
- Hermetikkindustri
- Margarin- og matoljeindustri
- Friteringsindustri
- Bakeri
- Meieri
- Røykeri
- Matbutikkar med steike-/grillavdeling
Lista er ikkje fullstendig.
Korleis søke om påslepp av feitthaldig avløpsvatn?
Før installasjon av ny eller utskifting av feittutskiljar skal det sendast inn søknad:
Søk om påslepp av feitthaldig avløpsvatn
Kva treng vi å gjere med feittutskiljaren?
De må inngå avtale med et tømmefirma for regelmessig tømming av feittutskiljar tilpassa bruken.
Som ein del av internkontrollsystemet til verksemda skal det til ei kvar tid vere ein skriftleg avtale om service/kontroll og tømming, der kontroll- og tømmeintervall er fastsett. Kommunen skal ha kopi av denne avtalen. Ved opphøyr av, eller endring i avtalen, skal dette meldast til kommunen. Service/kontroll og tømming skal utførast av bedrifter med nødvendig kompetanse og utstyr. Temperatur på vatn ut frå feittutskiljaren skal alltid målast ved tømming og må ikkje overstige 30°C.
Frityrfeitt
Frityrfeitt stivnar veldig raskt og skal aldri tømmast i avløpet, men må leverast til godkjent mottak eller hentast etter avtale.
Korleis rapportere?
For alle verksemder med påslepp av feitthaldig avløpsvatn skal alle kontrollar, tømmingar og temperaturmålingar rapporterast til kommunen digitalt. Dette skal gjerast i operatørportalen av føretaket som verksemda har service/kontroll og tømmeavtale med.
Årsgebyr
Den 12.12.2019 vedtok Ålesund kommunestyre lokal Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket.
Forskrifta gjeld mellom anna gebyr for kommunens saksbehandling av og kontroll/tilsyn med påslepp av feitthaldig avløpsvatn frå verksemd etter forurensningsforskriften § 15A-4 og lokal forskrift om påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentlig avløpsnett.
Årsgebyr for kontroll/tilsyn blir belasta heimelshavar i henhold til gjeldande betalingsregulativ.
Meir informasjon