Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Klipp hekkar og busker

Klipp hekkar og buskar

  • Buskar og tre på eigedomen din må ikkje vekse ut over fortau og veg. 
  • Før skolestart er det ekstra viktig at du har klipt hekken. 
  • Ved kryss og andre stader der sikten er viktig, skal hekk og buskar ikkje vere høgare enn ein halv meter. 
  • Du kan kvitte deg med greiner og hekkeklipp gratis. 

Reglar for trafikksikker vegetasjon 

  • Klipp hekkar og buskar slik at dei ikkje veks ut over eigedomsgrensa di. 
  • I soner som krever fri sikt, skal vegetasjonen ikkje vere høgare enn 50 cm, også når det har snødd. Små barn rundt hjørnet må vere synlege for bilistar og syklistar. 
  • Fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje tvingast ut i vegbanen på grunn av vegetasjon. 
  • Hekk, buskar og tre skal ikkje skjule trafikkskilt, vegnamnskilt, signalanlegg eller gatelys. 
  • Trafikantar, utrykningskøyretøy, renovasjonsbilar og vedlikehaldsmaskiner må ikkje bli hindra av greiner eller vegetasjon som gjer vegen smalare. 
  • Greiner frå tre over fortau og sykkelfelt må henge minst 4,5 meter over bakken. Fri høgde over sjølve vegbanen skal vere minst 4,7 meter. (Greiner skal ikkje nå opp til leidningar.) 
  • Du må rydde opp greiner som knekk og fell ned, og etter at du har klipt hekken. 

Bli kvitt hekkeklipp og greiner gratis 

  • Hageavfall kan leverast gratis til Bingsa.

Kva skjer dersom du ikkje klipper trafikkfarleg hekk? 

  • Dersom hekkar og buskar ved fortau og veg ikkje blir klipt godt nok, kan kommunen sende eit brev til grunneigaren med beskjed om å klippe. Det følger med ei skisse over frisiktsoner, der vegetasjonen skal vere høgst 50 cm. 
  • Blir vegetasjonen framleis ikkje klipt, vil kommunen gi pålegg med tidsfrist.  

Når naboen sin hekk er problemet 

Naboar som vennleg minner kvarandre om å klippe trafikkfarleg vegetasjon, er gode naboar. Kommunen kan ikkje ta nabopraten for deg, dersom du meiner at ein hekk eller buskar i nabolaget må klippast.  

Kommunen sine hekkar og busker 

Dersom du ser hekkar og buskar kommunen bør klippe, gi oss beskjed på kommunen si meldeteneste.

Nokre gongar er vegetasjonen langs vegen Statens vegvesen sitt ansvar. Då sender vi varselet vidare til dei. 

Til toppen