Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Har du køyrt på eit dyr?

Har du køyrt på eit dyr?

Om du har køyrt på eit dyr eller finn eit skada dyr i vegbanen, må du melde frå.

Kva gjer du ved påkøyrsel av dyr?

  • Varsle politiet - 02800. Politivakta har liste over ettersøksjegerar. Om bilen har treft dyret er det nesten utan unntak skadd, sjølv om det har sprunge vidare.
  • Merk staden der påkøyrsel skjedde. Kommunen, mange bensinstasjonar og forsikringsselskap deler ut spesielle merkeband som er lurt å ha i bilen. Bruk eventuelt ein plastpose eller liknande. Dette er viktig for at ettersøksjegeren skal vite kvar sporinga skal starte.

Kva skjer etter ein påkøyrsel?

Å køyre på eit dyr er ikkje straffbart. Men å ikkje varsle om at det har skjedd, og ikkje å stoppe og sjekke tilstanden til dyret, er straffbart og kan medføre inndraging av førarkort!

Varsling til politiet er også eit vilkår for å kunne bruke bilforsikringa din. Skade etter kollisjon med vilt gir ikkje bonustap.

Meld frå om skada vilt

  • På dagtid (kl. 09-00-15.30): ta kontakt med Nordre Sunnmøre landbrukskontor tlf 70 16 59 00.
  • På kveldstid: Ring vakttelefonen for viltettersøk (tlf 40 91 39 78).

Ved funn av døde dyr i eller ved vegbane: ring Statens vegvesen tlf 815 44 040

Kva er "vilt"?

"Vilt" er alle ville dyr. Køyrer du på eit mindre dyr (hare, fugl etc) er det di plikt som bilførar å stoppe og sjå korleis det har gått. De fleste smådyr blir drept momentant, men du må sjekke at så er tilfelle og avlive i motsett fall. Dette gjeld også for husdyr og kjæledyr.

Til toppen