Leige av torg, fortau og gaterBåde bedrifter og privatpersonar kan søke om å leige kommunalt areal i Ålesund, men ein kan ikkje leige areal til private eller lukka arrangement, som private selskap eller feiringar. Når må du søke om å leige uteområde? Du må søke om å leige areal av kommunen om du på offentleg grunn skal ha: uteservering salsplass standsplass arrangement konsertar/festivalar demonstrasjon/markering filminnspeling/fotografering arrangere løp eller ritt treningsgrupper Kvar kan du leige torgplass i Ålesund sentrum? Vi har tilgjengelege areal: på Kiperviktorget i Korsatunnelen i Kongens gate og på Apotekertorget Kva kostar det å leige? Sjå pris for leige av kommunal grunn og torg. Kva må du legge ved søknaden? Du må legge ved eit kart eller ei skisse der ønskt leigeareal er markert. Andre vedlegg til søknaden varierer avhengig av kor du skal leige, og kva du skal bruke arealet til. Søk om å leige areal Søknad skal sendast til postmottak@alesund.kommune.no Meld frå om store arrangement eller bruk av eld Ved store arrangement, som demonstrasjonar, festivalar og konsertar, må du varsle brannvesenet og politiet minst fire veker før arrangementet. Varsle brannvesenet Varsle politiet Skal du bruke grill eller fyre bål i forbindelse med eit arrangement, må du søke brannvesenet om dispensasjon frå bålforbodet. Søk brannvesenet om løyve til å sende opp fyrverkeri. Ansvarleg for tenesta Miljø og samferdsel Publisert av Anette Petersen Sist endra 22.05.2023 12.56