Hald slukar og rister opne

Unngå vasskader ved kraftige regnskyll - hald alltid avløp, sluk og rister opne og rydda for lauv og skrot, slik at vatnet kan renne unna.

Kort fortalt

  • Lauv og rusk kan gi tette sluk og rister.
  • Tette sluk kan gjere at regnvatn og smeltevatn renn inn i kjellarar og garasjar.
  • Du må halde sluk og rister opne rundt huset og ute i gata.

Mykje regn på kort tid kjem oftare enn før, og til alle årstider. Sluk og rister må derfor alltid haldast opne. Spesielt om hausten må huseigarar og folk som bur langs gatene sjekke at lauv og rusk ikkje tettar sluk og rister. Om vinteren kan is og snø hindre regn og smeltevatn i å renne ned i avløpsristene.

Eit tett avløp i vegen kan i verste fall gjere at vatnet i staden finn vegen til ein garasje eller kjellar i nærleiken.

Huseigar sine plikter

Dei som eig hus eller har eigedom mot offentleg stad skal sørge for at avløp i fortau, rennestein, grøft e.l. blir haldne opne. Sjå politivedtektene for Ålesund, kapittel 5.  

Hjelp naboen

Er det meldt kraftige regnskyll, sjekk gjerne kjellarinngang og sluk på tomta til naboar og kjenningar som du veit er bortreiste, eller som sjølve ikkje er i stand til å gjere jobben.

Meld om vasskade på vegar og friområde

Meld frå til meldingstenesta vår dersom du oppdagar skadar på veg, parkar og friområde etter regnskyll.

For akutt varsling ved oversvømming kan du kontakte oss slik:

 

Søk etter kontaktinformasjon