Vassmålar

Vassmålar

Om du har vassmålar, betaler du for vatnet som du brukar.

I samband med overgangen til nye Ålesund kommune, vil hovudavlesinga for 2019 vere i januar 2020.

Berekn pris på forbruket ditt med vassgebyr-kalkulatoren vår.

Avlesing av vassmålar

Avlesing av vassmålar skal skje ein gang i året (ved nyttår).

Det blir sendt ut SMS med påminning om avlesning i januar. I nokre tilfelle der vi ikkje har mobiltelefonnummeret ditt vil meldinga gå ut som brev (vassmålarkort) der også brukar-ID og passord for avlesning på internett er med.

For å få beregka korrekt årspris for vatn og/eller avløp, er det viktig at du les av vassmålarstanden og rapporterer den til oss.

Slik gjer du det

Registrer avlesinga her på nett.

  1. Les av målarstand på målaren, 5 siffer
  2. Fyll ut felta for dato, målarstand og signer kortet før du sender svarkortet i retur.

Du har sjølv ansvar for rett avlesing. Dette ansvaret gjeld også jamnleg kontroll med forbruk slik at eventuelle store utslag som følge av feilmåling, feilavlesing eller lekkasje, kan avklarast tidlegast mogleg.

Vasslekkasje

Vasslekkasje i huset blir registrert på telleverket som forbruk og må belastast huseigar. Ein kan enkelt undersøke om rørsystemet i huset lek. Det vesle tannhjulet under glaset på målaren skal stå stille når det ikkje skjer tapping. Les mer om vasslekkasje her.

Prisar

Sjekk betalingssatsane for vatn og avløp.

Manglande avlesing av målar for huset på tre år eller meir vil resultere i at vi må berekne prisen etter areal. Vassmålar for næringsbygg som ikkje er avlest på to år eller meir vil bli kontrollert – ett år for dei med stort forbruk. Ved kontroll av vassmålar vil det følge eit gebyr, dette blir fastsett av bystyret ved behandling av betalingsregulativ for vass- og avløpsgebyr.

Andre nyttige lenker

Alt du treng å vite om korleis du brukar vassmålar, installasjon med meir er samla i Norm for vannmålere i Ålesund kommune.

Du må og kjenne til sanitærreglementet til Ålesund kommune. Der står det også litt om vassmålar, mellom anna i kapittel 3.5.

InstallasjonTil bruk for godkjent foretak/rørlegger: Melding om vannmålerinstallasjon og tilbakestrømningsbeskyttelse

Til toppen