Vasskvalitet og forsyning

Vasskvalitet og forsyning

Ålesund vannverk forsyner ca. 50.000 innbyggarar i kommunene Ålesund og Sula, i tillegg til å stille reservevasskjelde for Giske kommune.

Vatn og avløp skal sørge for at abonnentane har ei sikker vassforsyning, med nok vatn og godt vatn.

Vi leverer vatn heile døgnet med ein kvalitet som tilfredsstiller Drikkevannsforskriften sitt krav, med eit trykk mellom 2 og 8,8 bar. Vi kartlegg også kvaliteten på råvatn og drikkevatn, mellom anna gjennom faste analyser og utvida prøve på 10 forskjellige prøvestader kvar veke.

Sjå resultata frå vassprøvene i digitalt kart.

Kvaliteten på drikkevatnet

Kvaliteten på drikkevatnet er god og held seg heile tida innanfor grenseverdiane i Drikkevannsforskriften, med svært få unntak. Sjekk grenseverdiane for vasskvalitetsparametrane her.

Vassforsyning i Ålesund

Brusdalsvatnet er hovudvasskjelda. Langevatnet kan unntaksvis brukast som suppleringskjelde, i tillegg til at det kan koblast inn som reservevasskjelde, saman med Røssevoldvatnet.

Vatnet fra Brusdalsvatnet blir pumpa opp i vassbehandlingsanlegget.

Nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet er ca. 30 km2 (inkludert nedslagsfeltet til Langevatnet) og sjølve vatnet er 7,5 km2. Inntaket ligg på stort, under det såkalte sprangskiktet, noko som garanterer stabil og god kvalitet på råvatnet.

Konsesjonen for Brusdalsvatnet tillèt eit uttak på 55.000 m3 pr. døgn.

Store høgdebasseng er plassert i bysentrum og i Spjelkjavika, noko som gir høg sikkerheit og regularitet ved brot på leidningsnettet.

Brusdalsskjønnet

Etter tillating fra Norges Vassdrags- og energiverk fekk Ålesund kommune i 1971 ekspropriere det nødvendige av grunn, vatn og rettigheiter for å etablere vassverk med Brusdalsvatnet som råvasskjelde. Skjønnsdokumentet (pdf) finn du her (underskjønn). (PDF, 10 MB)

For 183 av skjønnet sine 391 takstnummer blei det fremma overskjønn. Dette blei avsagt 14. november 1972 - sjå skjønnsdokumentet (pdf) her (overskjønn). (PDF, 6 MB) Brusdalsskjønnet inneheld mellom anna servitutt som begrenser moglegheit for utvidelse av hytter, samt ein del begrensnigar på aktivitetar i nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet.

Til toppen