Få beskjed om avstenging av vatn

Få beskjed om vassavstenging

Her kan du sette opp varsling på telefonen slik at du får beskjed neste gong vi skal ut og arbeide på leidningsnettet. Du kan også sjekke om vi har den riktige kontaktinformasjonen din.

Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei som kun er registrert med fasttelefon.

Sjekk om du får varsel

Du kan sjølv registrere adresse og telefonnummer og sjekke om du ligg inne for å bli varsla på Servicevarsling.no som er ein portal for vassavstengingar, straumstans, feiing, brøyting med meir.

  • Gå inn på Servicevarsling.no. Her får du fleire val: Du kan sjå om du er varsla og du kan sjekke oppføringa di.
  • Når du sjekkar oppføringa di blir du bedt om å oppgi telefonnummer og logge på. Eit pin-nummer blir då sendt til telefonen din. Det er lurt å ha matrikkelnummer for den eigedommen du ønsker å blir varsla for tilgjengeleg.

Jobbtelefon eller hemmeleg nummer

Dersom du har mobiltelefon gjennom jobben knytt adressa til arbeidsstaden din, eller telefon som er reservert mot visning i nummeropplysningstenester (hemmeleg nummer), får du i utgangspunktet ikkje meldingar som kommunen sender ut som SMS eller talemelding.

Difor anbefaler vi at du sjekkar om telefonnummeret ditt er registrert, og legg inn informasjon sjølv slik at du får varsel slik du ønsker. Telefonnummer som blir registrert i databasen er hemmeleg for alle andre.

Korleis finn kommunen telefonnummeret mitt?

Adressedatabasen som blir brukt under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret. Innbyggarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottar dermed heller ikkje varsel om for eksempel stenging av vatn.

Blir bedrifter varsla?

Adressedatabasen som blir brukt under varsling inneheld også adresser og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane i bedrifta, difor er det anbefalt at bedrifter legg til eller endrar nummer og kontaktpersonar som skal varslast.

Varslingssystemet er meint som ei sikkerheit for di bedrift, verksemd eller institusjon. Om vi skal kunne nå dykk på ein rask og effektiv måte, er vi avhengige av at riktig kontaktperson blir registrert.

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekobling er difor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemder. Dersom di bedrift er registrert med et slikt nummer, bør dette endrast for å vere sikker på at bedrifta får eventuell varsling.

Sårbare abonnentar

Vi tar spesielle hensyn til såkalla sårbare abonnentar (abonnentar med spesielle behov for varsling ved endringar i vasskvalitet eller vassmengde). Det er spesielt lav terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrringar på vassleidningsnettet.

Tenesta blir tilbydd spesielt sårbare abonnentar som:

  • Alders- og sjukeheimar
  • Frisørar
  • Hotell
  • Legar/medisinsk
  • Næringsmiddelindustri
  • Renseri/vaskeri
  • Restaurantar/kaféar o.l.
  • Skole/barnehage
  • Sjukehus
  • Tannlegar/tannhelse

Dersom du høyrer heime i ei av desse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre grunnar, kan du sette adressa di som sårbar abonnent i varslingssystemet.

Til toppen