Har du køyrt på eit dyr?

Har du køyrt på eit dyr?

Om du har køyrt på eit dyr eller finn eit skada dyr i vegbanen, må du melde frå.

Kva gjer du ved påkøyrsel av dyr?

  • Varsle politiet - 02800. Politivakta har liste over ettersøksjegerar. Om bilen har truffe dyret er det nesten uten unntak skada, sjølv om det har sprunge vidare.
  • Merk staden der påkøyrselen skjedde. Kommunen, mange bensinstasjonar og forsikringsselskap deler ut spesielle merkeband som er lurt å ha i bilen. Bruk evt. ein plastpose eller liknande. Dette er viktig for at ettersøksjegeren skal vite kvar sporinga skal starte.

Kva skjer etter ein påkøyrsel?

Å køyre på eit dyr er ikkje straffbart. Men å ikkje varsle om at det har skjedd, og ikkje å stoppe og sjekke tilstanden til dyret, er straffbart og kan medføre inndraging av førarkort!

Varsling til politiet er også eit vilkår for å kunne bruke bilforsikringa din. Skade etter kollisjon med vilt gir ikkje bonustap.

Meld frå om skada vilt

  • På dagtid (kl. 09-00-15.30): ta kontakt med Nordre Sunnmøre landbrukskontor tlf 70 16 59 00.
  • På kveldstid: Ring vakttelefonen for viltettersøk (tlf 40 91 39 78).

Ved funn av døde dyr i eller ved vegbane: ring Statens vegvesen tlf 815 44 040

Kva er "vilt"?

"Vilt" er alle ville dyr. Køyrer du på eit mindre dyr (hare, fugl etc) er det di plikt som bilførar å stoppe og sjå korleis det har gått. De fleste smådyr blir drept momentant, men du må sjekke at så er tilfelle og avlive i motsatt fall. Dette gjeld også for husdyr og kjæledyr.

Til toppen