Tiltak for å støtte tilgjengeligheit
Vi skal:
- Følgje forskrift om universell utforming av IKT.
- Følgje retningslinjene Web Content Accessibility Guidelines (WCAG).
- Halda oppe og vidareutvikla ein tilgjengeleg nettstad.
- Sjå til at nettstaden oppnår minst nivå AA i WCAG 2.0 (Digitaliseringsdirektoratet).
- Tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1 (Digitaliseringsdirektoratet).
Dette jobbar vi med
Vårt mål er å gjera innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar:
- Tekstane skal ha god struktur som er lett å navigera i, og dei skal skrivast i eit klart og tydeleg språk.
- Når vi bruker bilde og grafikk skal vi sjå til at informasjonen òg blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.
- Når vi bruker video eller lydopptak skal han vera teksta og når vi bruker lyd skal innhaldet òg komma fram i form av tekst.
Alle som publiserer på alesund.kommune.no får jamleg opplæring og rettleiing i korleis publisera universelt utforma innhald. Gjennom jamleg testing avdekker vi og rettar opp i avvik, slik at brukaropplevinga blir best mogleg.
I 2021 og 2022 er målet vårt å tilpassa alesund.kommune.no til til nye og endra krav i WCAG 2.1.
Sei ifrå om manglande tilgjengeligheit
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som gjer at det vanskeleg å forstå?
Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelighet!
Send oss ei melding her.
Ansvarleg for netttaden