Partnarskap for framtida

Partnarskap for framtida

FNs berekraftsmål 17 er avgjerande for å nå dei andre 16 måla sett av FN. Kvar enkelt aktør kan ikkje nå berekraftsmåla aleine - det gjeld offentlege aktørar, det private næringslivet og akademia. Vi må jobbe saman og samtidig.

FNs 17 berekraftsmål - Klikk for stort bileteFNs 17 berekraftsmål

Nye partnarskap er avgjerande for å nå FNs berekraftsmål 

FNs berekraftsmål 17 er avgjerande for å nå dei andre 16 måla sett av FN. Kvar enkelt aktør kan ikkje nå berekraftsmåla aleine - det gjeld offentlege aktørar, det private næringslivet og akademia. Vi må jobbe saman og samtidig.

  • Det er klimakrise og FN har med dei sytten berekraftsmåla gitt verda ein felles arbeidsplan for å stoppe klimaendringane.
  • Ein del av FN sitt arbeid med berekraft er verdas største byutviklingsprogram, United Smart Cities. Nye Ålesund, Sula og Giske er den første byregionen i Noreg som fekk vere med i dette programmet.
  • Ålesund har også fått utfordringa med å bli verdas andre lab for utvikling av smarte og berekraftige byar - United Future Lab Norway (Framtidslaben).  I laben skal partnarane finne smarte løysingar for å gi folk berekraftig livskvalitet.

FNs berekraftsmål 

I 2015 var FNs berekraftsmål ferdig utarbeidd. Berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikeheit og stoppe klimaendringane innan 2030.

Det er 17 mål som har 169 delmål under seg. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunnet (innbyggarar og organisasjonar).

Måla blei til på ein demokratisk måte som involverte 17 FN-organisasjonar, rundt 300 organisasjonar og fleire offentlege instansar. Dei som var med, var frå heile verda og nesten 10 millionar menneske fekk sagt si meining gjennom ei spørjeundersøking.

 FNs berekraftsmål er delt inn i tre kategoriar

  • Miljø
  • Levevilkår
  • Økonomi

Logo for Bærekraftsnettverket - Klikk for stort bilete Bærekraftsnettverket

Ålesund kommune har saman med 11 andre kommunar  og tre fylkeskommunar forplikta seg til å gjere FNs berekraftsmål til sine. Tysdag 26. mai blei Bærekraftnettverket konstituert med Asker, Bærum, Trondheim, Rana, Ålesund, Bodø, Haugesund, Karmøy, Kristiansand, Kristiansund, Molde og Stavanger kommunar og Møre og Romsdal, Trøndelag og Viken fylkeskommunar.

Les meir om arbeidet i bærekraftsnettverket (KS)

Grunnlaget for Bærekraftsnettverket har vore Stavangererklæringa frå 2019 der fleire kommunar blei einige om å danne ei plattform for eit samarbeid på tvers av landet om ei berekraftig utvikling. Nettverket har allereie etablert eit samarbeid med FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FN-programmet United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC). Fleire kommunar har allereie tatt i bruk eit standardisert måleverktøy for legge til rette for målretta og strategisk utvikling av berekraftige kommunar.

Resultata frå FNs analyser av kor smarte og berekraftig eit samfunn er, er gjennomført av fleire norske kommunar og rundt 100 byar i resten av verda. Alle resultata frå målingane blir lagt ut på ei eiga nettside: Learningsociety.net

Du kan lese meir om sjølve analysen under her under overskrifta United for Smart and Sustainable Cities implementation program og meir inngåande på nettsida til Framtidslaben

Arbeidsmåte

Nettverket skal utvikle arbeidsmåtar og verktøy slik at kommunane gjennom samarbeid kan nå berekraftsmåla raskare. Dette vil bli synleg gjennom lokale utviklingsprosjekt, involvering av innbyggarane, samarbeid med næringslivet og lokale prioriteringar som et sosial, økonomisk og miljømessig berekraft høgare på dagsordenen.

Til toppen